Noregs Fotballforbund
Noregs Fotballforbund (NFF) | |||
| |||
Fullt namn | Noregs Fotballforbund | ||
---|---|---|---|
Stifta | 30. april 1902 | ||
Medlem av FIFA | 1908 | ||
Medlem av UEFA | 1954 | ||
President | Yngve Hallén | ||
Stadion | Ullevaal Stadion | ||
Kapasitet | 25 575 |
Noregs Fotballforbund (NFF), ofte berre kalla Fotballforbundet, er eit særidrettsforbund for fotball i Noreg. Forbundet vart stifta 30. april 1902 og er i dag det største særidrettsforbundet i Noreg, med 1909 medlemsklubbar (per 31. desember 2012). Visjonen til forbundet er «fotballglede, mogelegheiter og utfordringar for alle».
Stiftelsen
Våren 1902 inviterte Lyn representantar frå klubbane Grane og Spring til å danne eit nasjonalt fotballforbund. Den 30. april 1902 møttest 14 delegatar frå dei tre klubbane på Hotel Bristol i Kristiania, det var Trygve Karlsen, Arthur Nordlie, Finn Hagemann, Leif Eriksen og Bredo Eriksen for Lyn; Just Hagemann, Isak Benjaminsen, Walter Aigeltinger og Emil Wettergreen for Grane og Christer Hummel Johansen, Arne Baggerud, Birger Freihow, Thorleif Wibe og Thorvald Torgersen for Spring. Saman vart dei samde om å stifte forbundet. Med ni mot fem stemmer fekk Lyn gjennomslag for namneforslaget sitt: Norsk Fodboldforbund. Isak Benjaminsen frå Grane vart den første formannen i forbundet.
Internasjonale utmerkingar
- Bronsemedalje OL 1936
- Gullmedalje VM 1995
- Gullmedalje FIFA World Tournament 1988 (Uoffisielt VM)
- Sølvmedalje VM 1991
- Gullmedalje OL 2000
- Bronsemedalje OL 1996
- Gullmedalje EM 1987 og 1993
- Sølvmedalje EM 1989 og 1991
- Bronsemedalje EM 2009 og 2001
- Bronsemedalje U21-EM 1998
Krinsar
Følgjande fotballkrinsar er under Noregs Fotballforbund:
Agder | Akershus | Buskerud | Finnmark | Hordaland | Hålogaland | Indre Østland | Nordland | Nordmøre og Romsdal |
Oslo | Rogaland | Sogn og Fjordane | Sunnmøre | Telemark | Troms | Trøndelag | Vestfold | Østfold
Presidentar
- Isak Benjaminsen (Grane), 1902-03
- Emil Wettergreen (Grane), 1903-04
- Arthur Nordlie (Lyn), 1904-05
- Sverre Strand (Grane), 1905-06
- H.W. Benneche (Sarpsborg), 1906-07
- Carl Frølich Hanssen (Mercantile), 1908-09
- Arthur Nordlie, 1909-10
- C.F.B. Schøyen (Hamar Game Club), 1910-13
- J.O. Jordell (Kristiania IF), 1913-14
- Carl Frølich Hanssen, 1914-15
- Daniel Eie (Lyn), 1915-18
- Carl Emil Christiansen (Urædd), 1918-20
- Reidar Bergh (Frigg), 1920-24
- Sam Knutzen (Ready), 1924-26
- Daniel Eie, 1926-28
- Jacob Ramm (Mercantile), 1928-29
- Per Skou (Lyn), 1929-34
- Bjarne Gulbrandsen (Odd), 1934-36
- Reidar Dahl (Lyn), 1936-41, 1945-49
- Harald Evensen (Moss), 1949-53
- Reidar Dahl 1953-55
- Aksel W. Floer (Speed), 1955-63
- Jørgen Jahre (Sandefjord), 1963-66
- Odd Evensen (Moss), 1966-70
- Einar Jørum (Vålerengen), 1970-80
- Eldar Hansen (Rosenborg), 1980-87
- Per Ravn Omdal (Fossum), 1987-92
- Odd Flattum (Vikersund), 1992-96
- Per Ravn Omdal 1996-2004
- Sondre Kåfjord (Molde), 2004-2010
- Yngve Hallén (Sogndal), 2010-
Handshake for Peace
Handshake for Peace er eit konsept utvikla av Noregs Fotballforbund og Nobels Fredssenter. Konseptet skal skape haldnings- og åtferdsendringar i fotballen og fremje fredsbodskap i samfunnet. FIFA annonserte på FIFA-kongressen i Budapest den 25 mai 2012 at dei skal innføre Handshake for Peace på alle turneringane sine framover.[1]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Norges fotballforbund» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eirik Borud og Knut Arne Hansen (25. mai 2012). «Nå innfører også FIFA «Handshake for Peace»». vg.no. Henta 29. oktober 2012.