Shania Twain
Shania Twain (fødd 28. august 1965, opphavleg Eilleen Regina Edwards) er ein canadisk songar som blandar country og pop.
Bakgrunn
Twain blei fødd i Windsor i Ontario i Canada, og voks opp i småbyen Timmins. Ho var den midterste av dei tre døtrene til Clarence og Sharon Edwards (systera Jill er to år eldre og Carrie-Ann tre år yngre). Då ho var seks år gifta mor hennar seg med Jerry Twain, ein ojibwamann frå Timmins i Ontario i Canada. Twain adopterte Shania som sitt eige barn, noko som etter lova gjorde henne til 50 prosent urinnvånar. Den biologiske faren til Twain var av delvis fransk-canadisk og cree-avstamming.[1] Ho lærte å spela gitar som barn, og brukte det meste av fritida si på å synga og spela.
Karriere
Som barn song Shania Twain i barar etter stengetid, og som trettenåring opptredde ho på Tommy Hunter Show på Canadian Broadcasting Corporation (CBC) i Canada. Då Twain var 22 år gammal, blei begge foreldra hennar drepne i ei ulykke, og etter denne tragiske hendinga fekk ho juridisk ansvar for ei syster og dei to halvbrørne sine Mark og Darryl. Dette ansvaret innebar at ho måtte legga den musikalske karrieren sin mellombels på is. I 1991 bytta ho namn til Shania, og skreiv ein kontrakt med Mercury Nashville same år.[2]
Det fyrste albumet blei knapt lagt merke til, men det andre albumet hennar, som kom ut i 1995 selde enormt, og braut verdsrekordar i sal. The Woman in Me selde 20 millionar verda over. Det tredje albumet hennar Come On Over blei tidenes mest selde countryalbum og tidenes mest selde album av ein kvinneleg artist. Come On Over selte over 40 millionar eksemplar i heile verda. UP, som var det fjerde albuma hennar, selde òg over 20 millionar verda over.
29. september 2017 gav Shania Twain ut den femte soloplata si. Ho omfatta singlane «Life's about to get good» og «Swingin' with my eyes closed».
Diskografi
- 1993 – Shania Twain
- 1995 – The Woman in Me
- 1997 – Come On Over
- 1999 – Come On Over (internasjonal versjon)
- 2001 – The Complete Limelight Sessions
- 2002 – Up!
- 2004 – Greatest Hits
- 2015 – Still the One: Live from Vegas
- 2017 – Now
- 2023 – Queen of Me
Kjelder
- ↑ Twain, Shania. From This Moment On, Atria Books, Kindle-utgave, 2011, s. 2, jf. også Tore På Sporet, NRK, 1. oktober 2009.
- ↑ Eggar, Robin. Shania Twain: The Biography, Country Music Television Inc., Pocket Books, 2005, s. 103.
- Denne artikkelen bygger på «Shania Twain» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2022.