Zhangjiakou
Zhangjiakou (forenkla kinesisk: 张家
Byprefekturet Zhangjiakou omfattar fire distrikt (
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zhangjiakou var i hundrevis av år ein militær forpost for Beijing. Av den grunn vart den kinesiske muren her bygt dobbel, med ein ytre mur og ein indre mur til vern mot mongolar og andre angrepshærar.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Området rundt og særleg vestfor Zhangjiakou er rikt på kol og jarnmalm, og er grunnlaget stor jarn- og stålindustri. Energiprodusentane Zhangjiakou kolkraftverk og Xiahuayuan kolkraftverk leverer elektrisitet til kraftnettet i Beijing-Tianjin-Tangshan-området. Ein av Kinas største vinprodusentar held til i Shacheng i fylket Huailai.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 110 går gjennom området. Han tek til i Beijing og passerer gjennom Zhangjiakou, Jining i Ulaan Chab, Hohhot og Baotou til han endar i Yinchuan i den autonome regionen Ningxia. Også Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia og strekker seg sørover til ho endar i Hai'an i Xuwen, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på[Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zhangjiakou» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Zhangjiakou» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.