Montauban
Montauban | |||
---|---|---|---|
Buegong ved Place Nationale i Montauban | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Midi-Pyrénées Tarn-et-Garonne | ||
Grunnlagd | 1144 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 135,17 km² | ||
Flatevidd - By |
135,17 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
51 855 384/km² | ||
Koordinatar | 44°1′5″N 1°21′21″E / 44.01806°N 1.35583°E | ||
Høgd over havet | 87 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.montauban.com |
Montauban (Montalban på oksitansk) er ein by og kommune sørvest i Frankrike og préfecture (hovudstad) i departementet Tarn-et-Garonne 50 km nord for Toulouse.
Byen er hovudsakleg bygd i raudfarga murstein og ligg ved den høgre breidda til elva Tarn, der ho renn i hop med Tescou.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Med unntak av Mont-de-Marsan er Montauban den eldste av bastides i Sør-Frankrike. Han vart grunnlagd i 1144 då Alphonse Jourdain, greve av Toulouse gav han mykje fridom. Innbyggjarane kom hovudsakleg frå Montauriol, ein landsby som hadde vakse opp rundt det nærliggande klosteret St. Théodard.
På 1200-talet leid byen under herjingane til katarane og av Inkvisisjonen, men i 1317 hadde han tatt seg opp så pass mykje at pave John XXII valde byen som senter for eit bispedøme, der basilikaen St. Théodard vart domkyrkja.
Med freden i Brétigny i 1360 vart byen gjeve til engelskmenna, men dei vart forvist av innbyggjarane i 1414. I 1560 slutta biskopane seg til protestantismen, forviste munkane og øydela domkyrkja. Ti år seinare vart byen ein av fire tilfluktsstader for hugenottar under Freden i Saint-Germain, og danna ein liten sjølvstendig republikk. Han var hovudkvarteret for hugenottopprøret i 1621, og stod imot ei 86 dagar lang omleiring av Louis XIII. Han kom ikkje under den kongelege makta før La Rochelle fall i 1629, då festningsverka der vart øydelagde av Kardinal Richelieu. Protestantane vart igjen forfulgt etter opphevinga av Ediktet i Nantes i 1685.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringane til byen er handel med jordbruksvarer, hestar, fjørfe, i tillegg til planteskular, kleproduksjon, møller, trelasthandel og produksjon av møblar, silkedukar og stråhattar.