Manuel Noriega
Manuel Noriega | |
Statsborgarskap | Panama |
Fødd | 11. februar 1934 Panama by, Panama |
Død | |
Yrke | politikar, militær, narkotikabaron, militæringeniør |
Språk | spansk, engelsk |
Politisk parti | Partido Revolucionario Democrático |
Religion | katolisisme, Protestantisme |
Manuel Noriega på Commons |
Manuel Antonio Noriega (11. februar 1934–29. mai 2017) var ein panamansk general som var diktator i Panama frå 1983 til 1989. Offisielt vart Noriega aldri vald inn som president, men han hadde verv som «chief executive officer» for ein kortare periode i 1989. Noriega var utdanna offiser i den panamanske hæren, og studerte militærfag og etterretning i Lima, ved to militære skular i USA, og ved den amerikanske krigsskulen ved West Point i New York.
Noriega sat i eit føderalt fengsel i Miami, dømd til tretti års fengsel for narkotika-relatert kriminalitet. Dommen vart redusert til 17 års fengsel, grunna god åtferd bak murane. Dommen var ferdigsona 9. september 2007. Frankrike sette fram krav om å få Noriega utlevert, men han motsette seg utlevering til Frankrike av di han meinte at landet ikkje kom til å gje han status som krigsfange. 26. april 2010 vart Noriega likevel utlevert til Frankrike.[1]
I Frankrike sat Noriega fengsla for kvitvasking av pengar. Den 12. desember 2011 vart han utlevert frå Frankrike til Panama der han var sett i fengsel for å sona tre gonger tjue år for drap på politiske motstandarar og opposisjonelle panamanarar medan han sat ved makta på 1980-talet.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Manuel Noriega» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2012.
- ↑ latimes.com, 26. april 2010: [url=http://www.latimes.com/news/nationworld/politics/wire/sns-ap-us-noriega-extradition,0,1899874.story[daud lenkje] US extradites Manuel Noriega to France, clearing way for trial on money laundering charges]
- ↑ «Many indifferent as Noriega returns to Panama cell». wlfi.com. 12. desember 2012. Arkivert frå originalen 12. april 2017. Henta 21. desember 2012.