Setningsledd
Eit setningsledd er det grunnleggjande elementet, dvs. ord eller uttrykk som kan vere særmerkt i ei setning på grunn av funksjonen det utfører. Funksjonane kan vere skildra takka vere syntaktisk analyse. Det finst seks typar setningsledd: verbal, subjekt, direkte objekt, indirekte objekt, predikativ og adverbial. Det er viktig å skilje mellom syntaktiske setningsledd og morfologiske ordklasser.
Døme:
- Den unge Jonas rid ein hest saman med venen sin midt i skogen.
I denne setninga opptrer alle dei moglege setningsledda i norsk syntaks, nemleg:
- subjekt – emne til setning,
- verbal – kjerne til eit predikat som sier kva som subjektet gjer i aktive setningar, eller kva som skjer med det i passive setningar,
- objekt – det handlinga i ei setning er retta mot,
- adverbial – utfyller verbalet,
- predikativ – utfyller subjektet, eller eit anna nominalledd i ei setning.
Vidare kan setningsledd klassifiserast som:
- primære setningsledd (subjekt og verbal),
- sekundære setningsledd (objekt, adverbial og predikativ).
I visse språk, til dømes i mesteparten av romanske språk og slaviske språk krevst det ikkje subjektet for å lage ei fullstendig setning og difor er subjektet ogso sekundær setningsledd. Desse språka vert kalla for pro-drop-språk.