27. februar
Utsjånad
27. februar er den 58. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 307 dagar att av året (308 under skotår).
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldag i Den dominikanske republikken |
Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 27. februar i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Laila og Lill |
Sverige | Lage |
Danmark | Leander |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 380: Ediktet i Thessaloniki, eller trekeisarediktet, oppfordra alle romerske borgarar til å slutta seg til kristendommen etter den nikenske truvedkjenninga.
- 1594: Henrik IV blei konge av Frankrike.
- 1844: Den dominikanske republikken fekk sjølvstende frå Haiti.
- 1889: Opninga av jernbanen frå Rangoon til Mandalay i Burma.
- 1900: Det britiske arbeidarpartiet blei grunnlagd.
- 1933: Riksdagsbrannen. Riksdagsbygningen i Berlin blei påtent.
- 1967: Dominica fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 1976: Vest-Sahara erklærte sjølvstende dagen etter at Spania offiselt trekte seg ut.
- 1999: Olusegun Obasanjo blei den første valde presidenten i Nigeria sidan 1983.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1656: Den første tenninga av Lindesnes fyr, det eldste fyret i Noreg.
- 1878: Opninga av Jærbanen, jernbanestrekninga mellom Egersund og Stavanger.
- 1925: Thor Bjørklund fekk patent på ostehøvelen
- 1930: Bouvetøya fekk status som norsk biland
- 1943: Vemork-aksjonen, sprenginga av tungtvassfabrikken på Vemork, fann stad.
- 1994: Avsluttinga av Vinter-OL 1994 på Lillehammer.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 27. februar.
- 1622: Carel Fabritius, nederlandsk målar
- 1825: Hans Jakob Aschjem, norsk bonde og politikar
- 1861: Rudolf Steiner, austerriksk antroposof
- 1873: Enrico Caruso, italiensk tenor
- 1874: Nils Tveranger, norsk skomakarmeister (Aurlandsskoen)
- 1897: Marian Anderson, amerikansk songar
- 1902: John Steinbeck, amerikansk forfattar og nobelprisvinnar
- 1928: Ariel Sharon, israelsk general og statsminister
- 1930: Joanne Woodward, amerikansk skodespelar
- 1932: Elizabeth Taylor, britisk-amerikansk skodespelar
- 1968: Ståle Solbakken, norsk fotballspelar og -trenar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 27. februar.
- 1887: Aleksandr Borodin, russisk komponist
- 1892: Louis Vuitton, fransk handverkar og merkeskapar
- 1921: Ferdinand Roll, norsk jurist og politikar
- 1936: Ivan Pavlov, russisk fysiolog, psykolog og nobelprisvinnar
- 1989: Konrad Lorenz, auterriksk zoolog og nobelprisvinnar
- 2001: Trygve Bjerkrheim, norsk forfattar og journalist
- 2007: Svein Molaug, norsk kulturhistorikar
- 2011: Necmettin Erbakan, tyrkisk politikar og tidlegare statsminister