(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Ablach – Wikipedia Hopp til innhald

Ablach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ablach
elv
Ablach ved Mengen
Land  Tyskland
Renn gjennom Meßkirch, Mengen
Lengd 38 km
Kjelde Hohenfels
 •  høgd 680 moh.
Munning Donau
 •  høgd 130 moh.
Kart
Ablach
48°03′48″N 9°20′44″E / 48.0633°N 9.34556°E / 48.0633; 9.34556
Wikimedia Commons: Ablach (Danube)

Ablach er ei elv i Baden-Württemberg sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Ho har utspring ved Hohenfels og ei lengd på 38 km.

På veg mot Donau renn ho gjennom låglandet Schwackenreuter og passerer byar og landsbyar som Bichtlingen, Meßkirch, Menningen, Göggingen, Ablach, Krauchenwies og Mengen. Etter Blochingen munnar elva ut i Donau.

Ablachtal, dalen som elva renn gjennom, har vore busett i lang tid på grunn av den frodige elvebreidda som eigna seg godt til jordbruk. Det er funne spor etter keltiske, romerske og alemanniske busetnader her. Namnet «Ablach» er truleg avleidd frå det keltiske Abela, som tyder noko slikt som ‘bekk’.[1] Allemannarane grunnla landsbyar på passande stader på 400- og 500-talet. Desse busetnadane kan ein kjenna att på namneendinga «-ingen»: Göggingen, Menningen, Schnerkingen, Bichtlingen.[2]

  1. Gustav Kempf: Das Gögginger Dorfbuch, Radolfzell, 1969
  2. Armin Heim: Ergebnis der ersten Welle des mittelalterlichen Landesausbaus, i: Südkurier, 14. august 2003