(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Alexander Sørloth – Wikipedia Hopp til innhald

Alexander Sørloth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Sørloth

Alexander Sørloth (fødd 5. desember 1995 er ein norsk fotballspelar frå Trondheim som sidan september 2020 har kontrakt med RB Leipzig. I tida 2016-20 har han spelt 29 landskampar for Noreg. Sørloth er midtspiss og har sin styre som hovudspelar. Han er son til Gøran Sørloth.

Sørloth har vore innom ei rad fotballklubbar sidan debuten i Rosenborg BK i 2013. Sesongen 2015 spelte han på Bodø/Glimt, deretter halvtanna år for FC Groningen i Nederland og seks månader på danske FC Midtjylland. År 2018 lukkast han ikkje som Crystal Palace-spelar i England, så vårsesongen 2019 spelte han for belgiske Gent. 2019/20-sesongen hadde han stor suksess med tyrkiske Trabzonspor, ein klubb som vann den tyrkiske cupfinalen 2020, medan Sørloth vart toppskårar i serien med 24 fulltreffarar. I september 2020 skreiv han kontrakt med tyske RB Leipzig, mot 20 millionar euro til Crystal Palace.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Sørloth debuterte på landslaget i 2016. Fyrst hausten 2019 byrja han markere seg i landskampane. Etter å ha skåra 2 mål i åra 2016-18, fann han vegen til nettmauskane 7 gongar i tida oktober 2019. oktober 2020.