Alliaceae
Alliaceae | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Alliaceae Borkh., 1797 |
Alliaceae er tidlegare namn på ein plantefamilie og ein underfamilie med om lag 15 slekter i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae). Underfamilien blir no stort sett kalla Allioideae. Både Alliaceae og Amaryllidaceae er tidlegare blitt kalla laukfamilien på norsk.
Han har over 800 artar i Europa, Midt-Austen, Sentral-Asia, Aust-Asia, Afrika og Amerika. Artane er fleirårige urter som dannar knollar. Alle har laukaktig lukt og smak. Tidlegare var Alliaceae ein eigen familie, laukfamilien, men i APG III-systemet er 20 av dei opphavlege slektene i Alliaceae klassifiserte som ein underfamilie av Amaryllidaceae.
Slekter
[endre | endre wikiteksten]20 av slektene er i APG III-systemet er katalogiserte under Alliaceae (2011).[1] Slektene Caloscordum Herb., Milula Prain og Nectaroscordum Lindl. er slått saman med Allium. Ein (2012) reknar om lag 15 slekter i underfamilien Alliaceae som blir delt 3 tribusar[2] Til saman er det godt over 800 artar:
- Tribus Allieae Dum.: Lauken har ikkje stiving. Berre ei slekt:
- Allium L.: Med 260 til 780 artar i den tempererte sona på den nordlege halvkule er dette den mest tallrike slekta i denne underfamilien.
- Tribus Tulbaghieae Endl. ex Meisn. (Syn.: Tulbaghioideae M.F.Fay & M.W.Chase, Tulbaghiaceae Salisbury): Dei fleste med jordstengel (rhizoma). Berre ei slekt:
- Tulbaghia L.: Med om lag 22 artar i Cape floraregionen.
- Tribus Gilliesieae (Syn.: Gillesiaceae Lindl., Gilliesioideae Arnott, Ipheieae): Om lag 13 slekter og om lag 80 artar i Neotropis-regionen (Sør- og Mellom-Amerika)[3]:
- Ancrumia Harv. ex Baker (ofte klassifisert i Solaria): Ein art:
- Ancrumia cuspidata Harv. ex Baker: Coquimbo i Chile.
- Erinna Phil. (manchmal in Leucocoryne eingegliedert): Ein art:
- Erinna gilliesioides Phil.: Sentral-Chile.
- Gethyum Phil.: Berre to artar i sørlege Chile.
- Gilliesia Lindl.: Om lag seks artar i Chile.
- Ipheion Raf.: Om lag tre artar i Sør-Amerika.
- Leucocoryne Lindl. (inklusive: Beauverdia Herter, Erinna Phil., Latace Phil., Pabellonia Quezada & Martic. og Stemmatium Phil.): Med 20 til 45 artar i Chile.
- Miersia Lindl.: Med om lag seks artar i Chile.
- Nothoscordum Kunth: Om lag 25 artar i Sør-Amerika.
- Schickendantziella Speg.: Berre ein art:
- Schickendantziella trichosepala (Speg.) Speg.: Nordaustlege Argentina.
- Solaria Phil. (manchmal inklusive Ancrumia Harv. ex Baker): Tre til seks artar i sørlege Chile og sørlege Argentina.
- Speea Loes.: Berre to artar i Chile.
- Trichlora Baker: Berre to artar i Peru.
- Tristagma Poepp. (inklusive Garaventia Looser): 14 til 30 artar i Chile og Argentina.
- Ancrumia Harv. ex Baker (ofte klassifisert i Solaria): Ein art:
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Stevens, P.F. (2001 onwards), Angiosperm Phylogeny Website: Asparagales: Allioideae
- ↑ Eintrag bei GRIN (Germplasm Resources Information Network).
- ↑ Michael F. Fay, Rudall & Mark W. Chase: Molecular studies of subfamily gilliesioideae (Alliaceae), in Aliso, Volume 22, 2006, S. 367–371.