Amalie Eikeland
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 26. august 1995 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Posisjon | Kant | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Reading FC | ||
Nummer | 9 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2011–2018 | Arna-Bjørnar | 166 | (4) |
2019 | Sandviken | 11 | (1) |
2019– | Reading FC | 62 | (6) |
Landslag | |||
2010 | Noreg J15 | 1 | (0) |
2011 | Noreg J16 | 9 | (7) |
2012 | Noreg J17 | 4 | (2) |
2012–2014 | Noreg J19 | 23 | (7) |
2014–2018 | Noreg U23 | 18 | (3) |
2016– | Noreg | 38 | (3) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022 |
Amalie Vevle Eikeland (fødd 26. august 1995) er ein norsk fotballspelar som spelar for Reading og det norske landslaget.
Klubbfotball
[endre | endre wikiteksten]Eikeland debuterte i Toppserien for Arna-Bjørnar allereie som 15-åring.[1] Trass i for sin unge alder etablerte ho seg raskt i eit sterkt Arna-Bjørnar, og i 2012-sesongen scora ho 11 seriemål i en sesong som enda med bronse til Arna-Bjørnar.[2][3] Eikeland vart tildelt Statoils talentpris for september i 2013, og i 2014 vart ho av Bergensavisen kåra til Hordalands nest største idrettstalent.[4][5] Eikeland og Arna-Bjørnar tok bronse i Toppserien også i 2013, 2014 og 2018.
Etter mange år i Arna-Bjørnar, signerte Eikeland kontrakt med Sandviken før 2019-sesongen.[6] I august 2019 vart ho henta til Reading FC i Women's Super League, den øvste divisjonen i England.[7] I 2021 forlengde ho kontrakten med Reading.[8] Ho vart i 2022 kåra til både «årets spelar» og «spelaranes årets spelar» i Reading.[9]
Landslagsfotball
[endre | endre wikiteksten]Eikeland har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.
Eikeland vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i september 2016, saman med lagvenne i Arna-Bjørnar Vilde Bøe Risa.[10] Eikeland debuterte for A-landslaget i en kamp mot Israel den 19. september 2016.[11]
Eikeland var ein del av den norske troppen under VM i Frankrike i 2019.[12] Ho vart også teken ut til EM i England 2022.[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ AS, TV 2 (31. juli 2016). «Debuterte i Toppserien som 15-åring». TV 2 (på norsk). Henta 29. juni 2022.
- ↑ Rotnes, Hanne Hagen (11. november 2012). «Bronse til Arna-Bjørnar». Bergensavisen (på norsk). Henta 29. juni 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Amalie Vevle Eikeland - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 29. juni 2022.
- ↑ AS, TV 2 (27. oktober 2013). «Amalie Eikeland er vinneren av Statoils talentpris for september». TV 2 (på norsk). Henta 29. juni 2022.
- ↑ Kolstad, Jan Gunnar (28. desember 2014). «Her er fylkets største talenter!». Bergensavisen (på norsk). Henta 29. juni 2022.
- ↑ «Sandviken henter tre nye spillere fra byrival Arna-Bjørnar». www.bt.no (på norsk bokmål). Bergens Tidende. 20. desember 2018. Henta 17. februar 2022.
- ↑ Fenre, Truls (4. august 2019). «(+)Eikeland klar for Reading: – Kom et alvorlig bud». smp.no (på norsk). Sunnmørsposten. Henta 17. februar 2022.
- ↑ Alexander Larsen (5. august 2021). «Eikeland forlenget med Reading – ingen retur til Norge». Norske Fotballkvinner (på norsk bokmål). Henta 17. februar 2022.
- ↑ «Clean sweep for Amalie Eikeland at Reading FC's Gala night» (på engelsk). 5. mai 2022. Henta 6. mai 2022.
- ↑ NTB, Tormod Bergersen OG (1. september 2016). «(+) Disse to kan juble for landslagsplass». Bergensavisen (på norsk). Henta 30. juni 2022.
- ↑ «Kampreferat av Norge - Israel - 19.09.2016 17.55». fotball.no (på norsk). Norges Fotballforbund. 19. september 2016. Henta 17. februar 2022.
- ↑ «Her er Norges VM-tropp». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 17. februar 2022.
- ↑ «Norges tropp til EM i England | Norges Fotballforbund». kommunikasjon.ntb.no (på norsk). Henta 30. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Amalie Eikeland» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2022.