(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Anders Sunesen – Wikipedia Hopp til innhald

Anders Sunesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Sunesen

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 1167
Død

24. juni 1228 (60 år)

Yrke katolsk prest, katolsk biskop
Språk latin
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Sune Ebbesen
Anders Sunesen på Commons
Biskopkjellaren på Ivø.
Minnestein over Anders Sunesens grav i Lund domkyrkje.

Anders Sunesen, også kjend som Andreas Sunonis (fødd ca. 1167, 24. juni 1228) var ein dansk erkebiskop, skolastikar og diktar som høyrde til slekta til Skjalm Hvide. Han blei kongeleg kanslar og erkebiskop i Lund i Skåne i dagens Sverige (den gong ein del av Danmark). Han var son av Cæcilia og Sune Ebbesen, ein fetter av biskop Absalon, slik at Hvide-slekta heldt på grepet sitt om makta.[1]

Anders Sunesen studerte skolastisk filosofi og teologi i Paris, mellom anna under Stephen Langton. I tillegg studerte han rettsvitskap i Bologna og Oxford, og blei den fyrste eigentlege teologen i Danmark. Det best kjende verket hans er Hexaëmeron («Dei seks dagane») på 12 songar og 8 040 heksameter,[2] som handlar om dei seks dagane til skapinga og i tillegg er ei lærebok i kristen dogmatikk.[3]

I 1194-95 representerte Sunesen dronning Ingeborg i Roma og Paris etter at ho var blitt vraka av gemalen sin, kong Filip II August av Frankrike. Sunesen blei domprost i Roskilde hjå bror sin, biskop Peder (ca. 1161-1214),[4] og seinare kanslar for kong Knud VI , der han lykkast i å styrkja posisjonen til kanselliet.[5] Sidan etterfølgde han Absalon som erkebiskop i Lund, og juledag 1202 krona han Valdemar siger til konge. I dette sambandet blei privilegia til domkyrkja stadfesta att.

Valdemar Seier streva etter å styrkja herredømmet over Austersjøen. Ein kan sjå krosstoget som førte Anders Sunesen og folket hans til Estland i 1206 som eit ledd i denne politikken. I juni 1219 gjennomførte erkebiskopen saman med kongen eit nytt krosstog, der erobringa av det nordlege Estland blei fullbyrda i slaget ved Lyndanisse. Ifølgje segna knelte erkebiskop Anders Sunesen i bøn på ein bakketopp under slaget. På eit måleri av Christian August Lorentzen frå 1809 er den gamle biskopen avbilda til venstre med armane reist mot himmelen, medan dannebrog daler ned som eit teikn på dansk siger.[6]

Paven gav samtykke til at denne delen av Estland blei underlagt styret til erkebiskopen i Lund. Sunesen skulle såleis organisera ei katolsk kyrkje blant dei nyomvende estarane. I 1221 kom Anders Sunesen heim frå Estland. I slutten av livet var han plaga av sjukdom, og trekte seg tilbake til godset sitt Ivøhus i nordaustlege Skåne. Ikkje langt unna dette, i Bækkeskov, låg eit premonstratensarkloster, med munkar frå , som hadde flytta hit då dei gamle klostera deira brann ned i 1213. Med desse munkane som naboar døydde han på Ivøhus i 1228, og blei sidan gravlagd i det nordre sidekoret i Lund domkyrkje. Då grava blei undersøkt i 1833, blei det funne eit skjelett av ein høg mann på litt over 60 år. Eit av beina hans hadde vore brekt, og var blitt kortare då det voks saman att.

Som leiar for Lund stift prøvde han å forlika motstridande oppfatningar gjennom kompromiss, særleg når kyrkjelov og lokal rettstradisjon kolliderte. Spørsmålet om sølibat for prestane var stadig aktuelt, sidan mange prestar var gifte, medan andre levde med ei frille.

Her ville ikkje Sunesen bøya av; geistlege skulle leva i sølibat, og pave Innocens III roste han for å stå fast på dette. Via dei omfattande studiane sine var Sunesen ein allsidig lærd som utarbeidde ei stor handbok til Skånske lov, og klarte fleire gonger å påverka paven i retning av kompromissar mellom kyrkjeretten og lokale skikkar. Han arbeidde likevel for å avskaffa rotfesta tradisjonar som blodhemn og jernbyrd, og introduserte dominikanarordenen i Danmark, truleg fordi han forstod at kyrkja trong ei slik fornying.[7]

Han var ivrig etter å forbetra danninga til dei temmeleg ukunnige lokale kyrkjelydsprestane. Desse blei utdanna på domskulen knytt til domkyrkja i Lund, og Sunesen skjenkte skulen eit eige bibliotek og eit læredikt på latin, Hexaëmeron, til bruk i undervisninga. Han blir rekna som den store mellomalderteologen i Danmark, og blei etterfølgd av Peder Saxesen.

  1. Christensen, Aksel E. «Anders Sunesen». Dansk Biografisk Leksikon. Henta 22. november 2022.  More than one of |nettstad= og |verk= specified (hjelp)
  2. Helge Kragh: Fra middelalderlærdom til den nye videnskab 1000-1730 (s. 47-51), Aarhus Universitetsforlag, 2005, ISBN 87-7934-168-3
  3. Martin Schwarz Lausten: Danmarks kirkehistorie (s. 95), forlaget Gyldendal, 1983, ISBN 87-00-74472-7
  4. «Peder Sunesen», Dansk Biografisk Leksikon
  5. Martin Schwarz Lausten: Danmarks kirkehistorie (s. 50)
  6. «Slaget ved Lyndanisse»
  7. Martin Schwarz Lausten: Danmarks kirkehistorie (s. 50-51)