(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Andrus Kivirähk – Wikipedia Hopp til innhald

Andrus Kivirähk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrus Kivirähk

Statsborgarskap Sovjetunionen, Estland
Fødd 17. august 1970 (54 år)
Tallinn
Yrke journalist, skribent, manusforfattar, barnebokforfattar, skodespelforfattar, humorist, skodespelar
Mor Ingrid Kivirähk
Ektefelle Ilona Martson
Born Kaarin Kivirähk
Andrus Kivirähk på Commons

Andrus Kivirähk (fødd 17. august 1970 i Tallinn) er ein estisk forfattar som i tillegg til å skrive romanar, også har skrive skodespel og manuskript for film. Han har utdanning som journalist frå Universitetet i Tartu 1988–1993 og er journalist i ei estisk avis. Sidan 1996 har han vore medlem av Den estiske forfattarforeininga. Han er gift med journalisten Ilona Martson og paret har to born.

  • 1995: Oskar Luts-prisen
  • 1995: Den estiske kulturkapitalen sin årspris
  • 2000: Den estiske kulturkapitalen sin årspris
  • 2001: Virumaa sin litteraturpris
  • 2004: Anton Hansen Tammsaare-litteraturprisen

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Kivirähk er ein produktiv forfattar og har gjeve ut tre romanar, tre bind med forteljingar, seks bind med humoreskar, fire barnebøker og 20 skodespel samla i tre bind. Berre eitt av verka er til no omsette til norsk:

  • Rehepapp ehk november 2000, omsett av Turid Farbregd: Trollskap i november 2004

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]