(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Audiofrekvens – Wikipedia Hopp til innhald

Audiofrekvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Audiofrekvens eller tonefrekvens er frekvensar innanfor høyrbare området.

Det generelt aksepterte standardområdet for høyrbare frekvensar er frå 20 til 20 000 Hzへるつ, men det varierer frå person til person. Frekvensar under 20 Hzへるつ vert generelt kjend i staden for høyrt, så lenge lydtrykket overstig eit visst nivå. Frekvensar over 20 000 Hzへるつ kan stundom høyrast av unge menneske. Høge frekvensar er dei første som forsvinn ved høyrselstap på grunn av alder eller langvarig eksponering for høge lydtrykk.