Ayr
Utsjånad
Ayr | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Inbhir Àir | |
Ayr krigsminnesmerke i Burns Statue Square | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | South Ayrshire | |
Tradisjonelt grevskap | Ayrshire and Arran | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
46 050 | |
Koordinatar | 55°27′N 4°38′W / 55.450°N 4.633°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | KA6-KA8 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1292 | |
Ayr er administrasjonsbyen i regionen South Ayrshire i Skottland. Han har kring 46 000 innbyggjarar og ligg ved Firth of Clyde.
I 2002 kjempa byen saman med fire andre i Skottland om status som city, men tapte for Stirling.
Ayr er kjent for veddeløpsbanen sin, og spesielt for løpet Scottish Grand National i april og Ayr Gold Cup i september.
Rett nord for Ayr ligg byen Prestwick, og dei to byane veks meir og meir saman. Blant forstadane til Ayr er landsbyen Alloway, der diktaren Robert Burns vart fødd.
Ayrs ligaklubb i fotball heiter Ayr United.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ayr» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.