Børs
Utsjånad
Ein børs (frå latin bursa som tyder pengepung) er ein marknad for omsetning av aksjar, grunnfondsbevis og andre verdipapir, som derivater og obligasjonar. Det kan og vere handel med andre varer som metall, petroleumsprodukt, landbruksvarer og kraft. Det kan og vere ein plass der ein slik marknad er (som Oslo børs) eller dei aktørane som handlar der.
På ein børs er det som oftast strenge reglar for informasjonsflyt og omsetning.