Bajkonur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bajkonur
Байқоңыр
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Kasakhstan
Oblast Kyzylorda
Høgd 100 m
Areal 57 km²
Folketal 39 161 (2018)[1]
Grunnlagd 1955
Tidssone UTC+5
Postnummer 101503
Retningsnummer +7 33622
Kart
Bajkonur
45°37′48″N 63°18′50″E / 45.63°N 63.314°E / 45.63; 63.314
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Wikimedia Commons: Baikonur city

Bajkonur (kasakhisk Байқоңыр, Bajkonyr; russisk Байконур, Bajkonur, tidlegare kalla Leninsk) er ein by i Kasakhstan i Kyzylorda oblast med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen har ein spesiell status i landet og byen og området rundt vert leigd ut til og styrt av Russland. Han vart grunnlagd for å tene Kosmodrom Bajkonur, staden der russarane skyt opp romrakettane sine, og vart offisielt omdøypt til Bajkonur av Boris Jeltsin 20. desember 1995.

Den opphavlege Bajkonur var ein gruveby nokre hundre kilometer lenger nordaust, nær Dzjezkazgan i Karganda oblast. Oppskytingsstaden fekk visstnok dette namnet for å skape forvirring og halde staden hemmeleg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://stat.gov.kz/getImg?id=ESTAT285783; vitjingsdato: 2. desember 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bajkonur