(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Barne-TV – Wikipedia Hopp til innhald

Barne-TV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barne-TV er fjernsynsprogram retta mot born som kan vera underhaldande og/eller opplysande. Slike program kan ha barn eller vaksne som programleiarar eller skodespelarar. Dokker, dyr og animasjon er også vanlege i denne typen program.

Programtittelen Barne-TV vart brukt fyrste gongen på NRK i 1970. Trass i at førskuleborn var målgruppa, har omgrepet ofte blitt brukt i ei noko utvida form som også omfattar program for eldre born.

Dei amerikanske barne-TV-figurane Howdy Doody og Zippy the chimp.

Barne-TV er nesten like gammalt som sjølve fjernsynsmediet.[1] Children's Hour på BBC blei først kringkasta i Storbritannia i 1946, og er vanlegvis rekna som det fyrste TV-programmet retta særskild mot barn.[2] Fjernsyn for barn tok ofte utgangspunkt i liknande program på radio; radiobarnetimen Children's Hour på BBC blei først send i 1922,[3] og skuleradioen BBC School Radio blei fyrst send i 1924. I USA byrja ein senda eventyrseriar på radio tidleg på 1930-talet, som Little Orphan Annie. Desse blei vanlege å senda på ettermiddagen.[4]

Tidlege barne-TV-program i USA var mellom anna Kukla, Fran and Ollie (1947), Howdy Doody og Captain Kangaroo. Mange av dei fyrste western-seriane på fjernsyn var retta mot barn, etter at mange radioprogram for barn ofte gjekk føre seg i western-settingar. Ding Dong School, som blei send frå 1952 til 1965, var eit av dei fyrste forsøka på å laga undervisande fjernsyn for svært små barn. Opphavspersonen og programleiaren Frances Horwich sat framfor kamera og simulerte samtalar med publikum heime der ho demonstrerte grunnleggjande element i dette. Seinare fjernsynsprogram for svært unge barn har mellom anna vore Sesame Street, The Electric Company og Mister Rogers' Neighborhood.

NRK starta TV-sendingar retta mot barn hausten 1960, med Lauritz Johnson («Onkel Lauritz») som ansvarleg. I byrjinga heitte programmet I kosekroken, og blei berre sendt ein gong i veka kl. 18.00. I byrjinga var dei fleste i barne-TV-redaksjonen lærarar, noko som prega programma og gav dei eit pedagogisk preg. I 1969 kom Pompel og Pilt, som var eit opprør mot dei pedagogiske programma. Lekestue som kom i 1967 kombinerte leik og læring. Programtittelen barne-TV blei brukt første gong i 1970.

Døme på barne-TV

[endre | endre wikiteksten]
  1. Holz, Jo (2017). Kids' TV Grows Up: The Path from Howdy Doody to SpongeBob. Jefferson, NC: McFarland. s. 13–72. ISBN 978-1-4766-6874-1. 
  2. Scott Hughes (3 June 1996). «Are You Sitting Comfortably? A History of Children's TV». The Independent. Henta 6. mai 2018. 
  3. «Children & the BBC: from Muffin the Mule to Tinky Winky». BBC. Henta 6 May 2018. 
  4. «Little Orphan Annie | radio program | Britannica.com». britannica.com. Henta 13. januar 2017.