Berebølgje
Utsjånad
Ei berebølgje er den bølgja som ber modulasjonen i eit signal, uansett om det er ei elektromagnetisk bølgje eller eit elektrisk signal. Kjenneteiknet til ei berebølgje er at ho har fast frekvens, der ein stiller radiomottakaren inn på for å motta sendinga. Ho har i prinsippet inga bandbreidde, men tek noko plass likevel. Modulasjon er informasjon som vert overlagra i berebølgja og inneheld all informasjon i sendinga. Dette kan vere tale, musikk eller data som kan kodast (modulerast) inn i berebølgja på ymse vis, til dømes AM eller FM.