Billy Jones
Utsjånad
Billy Jones | |||
Fødd | 20. november 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ann Arbor i Michigan | ||
Død | 7. februar 1995 (45 år) | ||
Dødsstad | Spring Hill i Florida | ||
Fødenamn | William Harry Jones | ||
Alias | Billy Jones | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1971–81 | ||
Sjanger | Southern rock, hardrock, bluesrock | ||
Instrument | Gitar, klaverinstrument, trommer | ||
Tilknytte artistar | Outlaws | ||
Plateselskap | Arista | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, sologitarist og songar |
William Harry Jones (20. november 1949–7. februar 1995) var ein USA-amerikansk gitarist og songar, mest kjend som opphavleg medlem i Outlaws.
Jones voks opp i Tampa i Florida. Han spelte inn eit album med bandet H.Y. Sledge før han vart med i Outlaws. Han vart først henta inn i bandet på orgel, men bytta etter kort tid til sologitar, og var med å skape varmerke til Outlaws med tre gitaristar.
Etter turneen for albumet Ghost Riders i 1980,[1] vart han beden om å slutte bandet på grunn av dopmisbruk.
I februar 1995 døydde Jones då han skaut seg sjølv.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Billy Jones» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2020.
- ↑ Ankeny, Jason. «Outlaws: Biography». Allmusic. Henta 13. desember 2020.
- ↑ Chadbourne, Eugene. «Bill Jones: Biography». Allmusic. Henta 13. desember 2020.