(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Bolmen – Wikipedia Hopp til innhald

Bolmen

Koordinatar: 56°55′N 13°40′E / 56.917°N 13.667°E / 56.917; 13.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bolmen
innsjø
Land  Sverige
Område Småland
Utløp Storån, Bolmen vasstunnel
Areal 184 km²
Største djupn 37 m
Koordinatar 56°55′N 13°40′E / 56.917°N 13.667°E / 56.917; 13.667
Byar Bolmsö
Kart
Bolmen
56°55′00″N 13°40′00″E / 56.916666666667°N 13.666666666667°E / 56.916666666667; 13.666666666667
Wikimedia Commons: Bolmen
Bolmen ein overskya dag.

Bolmen er ein svensk innsjø som ligg sørvest i landskapet Småland, i kommunane Värnamo og Gislaved i Jönköpings län, Hylte i Hallands län og Ljungby i Kronobergs län. Han har eit areal på 184 km² og er den tiande største innsjøen etter areal i Sverige. Han er på det djupaste 37 meter og gjennomsnittsdjupna er 5,4 meter. Han har fleire øyar, den største er Bolmsö med eit areal på 42 km². Bolmen drenerast gjennom Bolmån til Lagan.

Bolmen er ferskvasskjelde til blant andre Lund kommun. Vatnet vert ført i ein 82 km lang tunnel til Skåne.

Borgruinen Piksborg frå [[130talet i sørenden av Bolmen var ei viktig grensefestning i mellomalderen, då området låg nært den dåverande grensa til Danmark.

I Bolmen finst det 24 fiskeartar, blant anna gjørs, gjedde, åbor, ål, lake og brasme.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]