Bradford
Bradford | ||
---|---|---|
Bradford City Hall | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Yorkshire | |
Distrikt | City of Bradford | |
Grunnlagd | Mellomalderen | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
64,4 km² | |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
301 499 4 681,7 /km² | |
Koordinatar | 53°48′0″N 1°45′7″W / 53.80000°N 1.75194°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BD | |
Telefon-retningsnummer | 01274 | |
Nettstad: www.bradford.gov.uk | ||
Bradford [brædfəd] ligg i hjarte av City of Bradford, eit bydistrikt i West Yorkshire i Nord-England. Han ligg ved foten av Penninane, 14 km vest for Leeds og 25 km nordvest for Wakefield. Bradford vart ein kommune i 1847 og fekk bystatus i 1897.
Bradford har kring 300 000 innbyggjarar og er den 13. største byen i Storbritannia. Bradford er ein del av West Yorkshire byområde som i 2001 hadde 1,5 millionar innbyggjarar[1] og er ein del av Leeds-Bradford større byområde (LUZ), det tredje største i Storbritannia etter London og Manchester, med ein estimert folkesetnad på 2,4 millionar.[2]
Historisk var han ein del av West Riding of Yorkshire og vart viktig på 1800-talet som eit internasjonalt senter for tekstilproduksjon, særleg ull. Byen voks kraftig under den industrielle revolusjonen og av dei tidlegaste industrialiserte busetnadane. Han vart raskt «ullhovudstaden i verda».[3] I tillegg hadde område tilgang til kol, jernmalm og blautt vatn som gjorde at Bradford var eit produksjonssenter. Bradford har fin victoriansk arkitektur, mellom anna det storslåtte italianiserte rådhuset.
Tekstilindustrien i Bradford forsvann etter kvart frå midten av 1900-talet. Sidan den gong har Bradford vorte ein turistdestinasjon med attraksjonar som National Media Museum og Cartwright Hall. Bradford har likevel hatt liknande utfordringar som resten av dei post-industrielle områda i Nord-England, med deindustrialisering, bustadproblem, sosial uro og økonomiske nedgangstider.
Sidan 1950-åra har Bradford opplevd innvandring, særleg frå Mirpur i Pakistan. Bradford har den nest høgaste andelen av muslimar i England og Wales utanfor London. Det er estimert at det bur over 100 000 innbyggjarar med asiatisk opphav i byen,[4] som er kring 20,5% av innbyggjarane i byen. Dette taler er venta å auke til 28 % i 2011.[5] Bradford vert ofte omtalt som eit av dei beste døma på «parallelle samfunn», der folketalet effektivt lever fråskilde langs etniske, kulturelle og religiøse linjer.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bradford» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ National Statistics (2005). «Focus on people and migration: chapter 3 The UK's major urban areas» (PDF). s. 47. Henta 8. juli 2011.
- ↑ «Urban Audit - City Profiles: Leeds». Urban Audit. Henta 8. juli 2011.
- ↑ «History of Bradford». visitbradford.com. Arkivert frå originalen 15. april 2008. Henta 8. juli 2011.
- ↑ Neighbourhood Statistics. «Check Browser Settings». Neighbourhood.statistics.gov.uk. Arkivert frå originalen 12. juni 2011. Henta 8. juli 2011.
- ↑ Smithard, Tom. «Fascism and Islamism thrive in Bradford - report». Yorkshire Post. Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 8. juli 2011.
- ↑ «Kenan Malik's essay on the real value of diversity». kenanmalik.com. Henta 8. juli 2011.