(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Buffalo Springfield Again – Wikipedia Hopp til innhald

Buffalo Springfield Again

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buffalo Springfield Again
Studioalbum av Buffalo Springfield
Språk engelsk
Utgjeve 18. november 1967[1]
Innspelt 9. januar til 3. oktober 1967 i Los Angeles i California
Sjanger
Lengd 34:07
Selskap Atco
Produsent Forskjellige
Buffalo Springfield-kronologi 
Buffalo Springfield
(1966)
Buffalo Springfield Again Last Time Around
(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[5]
Rolling Stone(positiv)[6]
The Village Voice(A−)[7]

Buffalo Springfield Again er det andre studioalbumet til Buffalo Springfield, utgjeve på Atco Records i november 1967. Albumet nådde 44. plassen på Billboard 200. I 2003 vart albumet rangert på 188. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]

Albumet var med i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[9]

I motsetnad til debutalbumet, som vart spelt inn forholdsvis kjapt sommaren 1966, var innspelinga av dette albumet spent og langtrekt, over ni månader i 1967. Fleire faktorar medverka til dette. Mellom anna hadde bassisten Bruce Palmer blitt deportert i januar og hadde kome attende til USA ulovleg for å arbeide med bandet, og gitaristen Neil Young hadde slutta og kome attende til gruppa fleire gonger, og var mellom anna ikkje med då bandet spelte på den kjende Montery Pop Festival, der David Crosby erstatta han etter ynskje frå gitaristen Stephen Stills.[10][11]

Av dei mest kjende songane er den mindre hiten til Neil Young, «Mr. Soul». Albumet inneheld òg to orkestereksperiment som Young gjorde i lag med Jack Nitzsche: «Expecting to Fly» og «Broken Arrow». Begge songane var meint for eit soloalbum, og det er berre Young og studiomusikarar som spelar på songen, bortsett frå at Richie Furay syng harmonivokal på den sistnemnde.

Stephen Stills medverka med fire songar, av desse «Rock and Roll Woman», ein song skriven i lag med David Crosby og visstnok med Crosby på korvokal. Crosby hadde då nettopp fått sparken i The Byrds. Denne songen er det første samarbeidet mellom Stills og Crosby, som seinare danna Crosby, Stills & Nash i lag.

Albumet inneheld den første innspelinga av songar skrivne av gitaristen Richie Furay, som ikkje hadde skrive songar til debutalbumet. I tillegg var det studiomusikarar med på forskjellige spor, der berre sjølve bandet spelte på debutalbumet. Då Palmer vart deportert måtte ein ha inn andre bassistar. Ein av gongane Young hadde slutta i bandet, hyrte han eit studio for å spele inn «Expecting to Fly» med musikarar utafor bandet for det han rekna med kom til å bli eit soloprosjekt og ikkje ei innspeling for Buffalo Springfield.[12] Jack Nitzsche laga arrangementa for «Expecting to Fly». Ingen medlemmar frå Buffalo Springfield spelar på songen. Nitzsche fortsette å arbeide med Young i starten av 1970-åra på både den første soloplata og bestseljaren Harvest, og vart sidan medlem av banda til Young, Crazy Horse og The Stray Gators.

Albumet inneheld ein tidleg countryrocksong av Furay, «A Child's Claim to Fame». Crosby syng visstnok vokal på «Rock and Roll Woman», og han skal òg visstnok ha vore medlåtskrivar på songen. Om dette er sant eller ikkje er ikkje visst, men Stills har fortalt at songen kom til under ein jam med Crosby.[13] Det lengre Young-stykket «Broken Arrow» byrjar med eit klipp av «Mr. Soul», kanskje ein konsertversjon, og er sungen av nokon andre enn Young, kanskje trommeslagaren Dewey Martin. Baksida av plateomslaget inneheld ei lang liste overr folk som vert takka som inspirasjonskjelder. Somme av desse kan vere musikarar på albumet. Albumet er dedisert til Barry Friedman, og oppført som ein York/Pala-produksjon. Albumet vart ommastra for CD i HDCD og gjeve ut på ny den 24. juni 1997.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«Mr. Soul»Neil YoungNeil Young med Richie Furay og Steve Stills.2:48
2.«A Child's Claim to Fame»Richie FurayRichie Furay2:09
3.«Everydays»Stephen StillsStephen Stills2:38
4.«Expecting to Fly»YoungNeil Young3:39
5.«Bluebird»StillsStephen Stills4:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
6.«Hung Upside Down»StillsStephen Stills3:24
7.«Sad Memory»FurayRichie Furay (vers), Stephen Stills (refreng)3:00
8.«Good Time Boy»FurayDewey Martin2:11
9.«Rock & Roll Woman»StillsStephen Stills med David Crosby (omstridd)2:44
10.«Broken Arrow»YoungNeil Young6:11

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Buffalo Springfield
Andre medverkande
Andre musikarar som kan ha vore med
Teknisk

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Album - Billboard
(USA)
År Liste Plassering
1968 Pop Albums 44
Singlar - Billboard (USA)
År Singel Liste Plassering
Juni 1967 «Bluebird» (1:59) / «Mr Soul» Pop Singles 58
September 1967 «Rock And Roll Woman» / «A Child's Claim To Fame» Pop Singles 44
Desember 1967 «Expecting To Fly» / «Everydays» Pop Singles 98
  1. Neil Young Archives discography no retrieval date
  2. Unterberger, Richie. «Great Moments in Folk Rock: Lists of Author Favorites». www.richieunterberger.com. Henta 30. januar 2019. 
  3. «Buffalo Springfield Biography by Richie Unterberger». Allmusic. 
  4. Peter Buckley, The Rough Guide to Rock, (Rough Guides, 2003), ISBN 1843531054, p.147.
  5. «Richie Unterberger review of Buffalo Springfield Again». Allmusic. 
  6. Rolling Stone: Vol 1. No. 3, 14. desember 1967, s. 19, arkivert frå originalen 16. juni 2017, henta 31. januar 2019 
  7. Christgau, Robert (20. desember 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 69. Henta 30. januar 2019. 
  8. [1] Arkivert 17. januar 2007 ved Wayback Machine.
  9. ^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.
  10. Casetext website United States v. Palmer henta 30. januar 2019
  11. Goldmine Magazine conversation with Richie Furay henta 30. januar 2019
  12. Google Books website Kupernik, Harvey. Neil Young: Heart of Gold henta 30. januar 2019
  13. Rolling Stone magazine website henta 30. januar 2019, arkivert frå originalen 27. mars 2017, henta 31. januar 2019