Carpetania
Utsjånad
Carpetania var ein gammal region i dagens Spania, mellom Guadarrama, fjella Toledo, elva Guadiana og fjellkjeda Alcaraz. I dag utgjer regionen grovt rekna Madrid og Castilla-La Mancha. Området var busett av carpetanoar, eit før-romersk folk. I sør budde oretanarar, i nordaust celtiberarar, i nordvest vaccear og vettonar. Området vart erobra av romarane utan særleg motstand og raskt integrert både kulturelt og politisk. Derfor er området nesten ikkje nemnt i litteraturen frå antikken.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carpetania» frå Wikipedia på engelsk, den 26. september 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.