Catfish Rising
Catfish Rising Studioalbum av Jethro Tull | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. september 1991 (USA) 23. september 1991 (Storbritannia) | |
Innspelt | Tidleg 1991 | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock, bluesrock | |
Lengd | 42:49 (vinyl) 60:24 (CD) | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent | Jethro Tull | |
Jethro Tull-kronologi | ||
---|---|---|
Live at Hammersmith '84 (1990) |
Catfish Rising | A Little Light Music (1992)
|
Singlar frå Catfish Rising | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Catfish Rising er det 18. studioalbumet av det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i september 1991. Det vart det første Tull-albumet med klaverspelar Andrew Giddings, men det var òg to andre klaverspelarar som spelte på albumet, John Bundrick og Foss Paterson. Matt Pegg tok over på bass for faren Dave Pegg, då han var oppteken med Fairport Convention.
På dette albumet går bandet meir attende til røtene enn dei hadde gjort tidlegare, og albumet er det mest bluesprega dei hadde gjeve ut sidan debutalbumet This Was i 1968. Allmusic kalla albumet det beste bandet hadde gjeve ut sidan 1970-åra.[1]
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]I desember 1990, tre månader etter Rock Island-turneen var over, gjekk Tull i studio for å spele inn nye songar. Anderson hadde arbeidd med fleire akustiske songar, basert på mandolin, akustisk og elektrisk gitar, i staden for keyboard, som hadde dominert Rock Island og Crest of a Knave. Anderson sa: «Det som interesserer meg meir no er å gå attende til musikken som veks på trer - instrument som du faktisk må spele, i motsetnad til å sitje seg ned og lese ein 200 sider lang manual for å kunne spele noko.» [2]
Anderson skildra òg musikken på albumet: «Nei, dette var ikkje ein 1990-oppgradering av This Was. Eg elskar å lage akustisk musikk som sparkar litt frå, og det var det eg prøvde å gjere på Catfish. Å lage grunnleggjande akustiske songar, men litt meir aggressive og pågåande. Dei fleste songane vart skrivne med ein open stemt mandolin, så dei har derfor ei blueskjensle, men dei er likevel ikkje the blues. Eg har dei ideane og kjenslene og prøvd å ta dei ein annan stad både musikalsk og tekstmessig. Eg har gjort det mindre Louisiana og litt meir Surrey!»[2] Det er likevel opplagde bluessongar på albumet, som «Sleeping With The Dog» og «Still Loving You Tonight». I tillegg syner albumtittellen «Catfish Rising» til eit bilete av steinbit eller malle som mange svarte, amerikanske bluessongarar, som Muddy Waters, brukte.[2]
I tillegg til dei tretten songane å albumet, vart ytterlegare fem spelte inn: «Night in the Wilderness», som kom ut på singelen «This Is Not Love» og «Truck Stop Runner», «Rosa On the Factory Floor», «Piece of Cake», «Silver River Turning», som alle kom ut på samlealbumet Nightcap i 1993.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Vinylutgåve
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ian Anderson.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «This Is Not Love» | 3:56 |
2. | «Occasional Demons» | 3:48 |
3. | «Rocks on the Road» | 5:30 |
4. | «Thinking Round Corners» | 3:31 |
5. | «Still Loving You Tonight» | 4:30 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Doctor to My Disease» | 4:34 |
2. | «Like a Tall Thin Girl» | 3:36 |
3. | «Sparrow on the Schoolyard Wall» | 5:21 |
4. | «Roll Yer Own» | 4:25 |
5. | «Gold-Tipped Boots, Black Jacket and Tie» | 3:38 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «When Jesus Came to Play» | 5:04 |
2. | «Sleeping with the Dog» | 4:25 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «White Innocence» | 7:43 |
CD-utgåve
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «This Is Not Love» | 3:57 |
2. | «Occasional Demons» | 3:49 |
3. | «Roll Yer Own» | 4:26 |
4. | «Rocks on the Road» | 5:32 |
5. | «Sparrow on the Schoolyard Wall» | 5:22 |
6. | «Thinking Round Corners» | 3:32 |
7. | «Still Loving You Tonight» | 4:32 |
8. | «Doctor to My Disease» | 4:35 |
9. | «Like a Tall Thin Girl» | 3:38 |
10. | «White Innocence» | 7:44 |
11. | «Sleeping with the Dog» | 4:26 |
12. | «Gold-Tipped Boots, Black Jacket and Tie» | 3:41 |
13. | «When Jesus Came to Play» | 5:05 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
14. | «Night in the Wilderness» | 4:06 |
15. | «Jump Start» (konsertopptak frå Tower Theatre i Philadelphia, 25. november 1997) | 7:49 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Ian Anderson - vokal, akustisk & elektrisk gitar, akustisk & elektrisk mandolin, fløyte, perkusjon, tangentinstrument, trommer
- Martin Barre - elektrisk gitar
- Dave Pegg - elektrisk & akustisk bassgitar
- Doane Perry - trommer
Andre medverkande:
- Andy Giddings - tangentinstrument på spor 1, 4, 8
- Foss Patterson - tangentinstrument på spor 10
- John Bundrick - tangentinstrument på spor 11
- Matt Pegg - bass på spor 1, 4, 7
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Catfish Rising» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Eder, Bruce. Catfish Rising på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Catfish Rising på Cup of Wonder