Catinacciofjella
Utsjånad
Catinacciofjella | |||
fjell | |||
Catinaccio sett frå Bolzano
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Sør-Tyrol | ||
Fjellkjede | Dolomittane | ||
Høgd | 3 002 moh. | ||
Førstestiging | 1873 | ||
Koordinatar | 46°30′N 11°40′E / 46.500°N 11.667°E | ||
Catinacciofjella 46°28′00″N 11°39′00″E / 46.466666666667°N 11.65°E | |||
Wikimedia Commons: Rosengarten group |
Catinacciofjella (tysk Rosengarten) er ei fjellkjede i Dolomittane i Sør-Tyrol i Italia med ei høgd på 3 002 meter over havet. Ho ligg mellom Tires (Tiers), Val d'Ega (Eggental) og Fassadalane, om lag 10 km aust for Bolzano.
På grunn av dolomittmineral får Catinaccio ein rosa nyanse i solnedgang. Dette er opphavet til det tyske namnet, Rosengarten eller Rosehage, på fjella.
Den høgaste fjelltoppen er Catinaccio d'Antermoia (Kesselkogel) på 3 002 meter over havet: Andre fjelltoppar er:
- Cima Catinaccio (Rosengartenspitze) - 2 981 m
- Torri del Vajolet (Vajolet-Türme) - 2 813 m
- Croda di Re Laurino (Laurinswand) - 2 813 m
- Cima Sforcella (Tscheiner-Spitze) - 2 810 m
- Roda di Vaèl (Rotwand) - 2 806 m
- Croda Davoi (Teufelswand) - 2 727 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Catinaccio Group» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2007.