Cecilio Apostol
Cecilio Apostol | |
Statsborgarskap | Filippinane, Spania |
Fødd | 22. november 1877 Manila |
Død |
8. september 1938 (60 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Cecilio Apostol på Commons |
Cecilio de lós Reyes Apostol (22. november 1877–8. september 1938) var ein av dei tre mest framståande patriotiske filippinske diktarar og forfattarar under og etter den filippinske revolusjonen. Dei to andre var Jose Palma (1876–1903) og Fernando María Guerrero (1873–1929). Han var rekna som ein av dei fremste diktarane på det spanske språket i si samtid.[1]
Dikta hans blei i si tid nytta i undervisinga av spansk språk (Republic Act No. 1881).[2]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Etter grunnskulen gjekk han på Ateneo Municipal i Manila, der han to bakkalaureat i dei frie kunstane (Bachilles en artes) i 1894. Han byrja seinare på det juridiske studiet ved Santo Tomas-universitetet. Men før han fullførte det, slutta han seg i 1896 til den filippinske revolusjonen.
Journalist og diktar
[endre | endre wikiteksten]Han var òg med i redaksjonen av avisa La Independencia, der han skreiv under signaturane Catulo (under Antonio Luna) eller Isagani.[3] Det første utgjevne diktet hans var El Terror de los Mares Indicos i avisa El Comercio. Andre kjende dikt er Al Heroe Nacional, Mi Raza, A La Bandera, La Siesta, Sobre El Plinto (tileigna Mabini), A Emilio Jacinto, Los Martires Anonimos de la Patria og El Solo de la Independencia.
Etter freden heldt han fram den juridiske utdanninga (avslutta i 1908) og arbeidde som journalist i ei rekkje aviser, som La Fraternidad, La Democracia, La Patria og El Renocimiento. Seinare arbeidde han òg som jurist.
Diktet hans Al Heroe Nacional («Til nasjonalhelten») hyllar José Rizal.[1] Dette er det best kjende verket hans, og er også kjend som A Rizal (til Rizal).
I ei diktsamling kalla Pentélicas skildrar han levande dei filippinske landskapa. I tillegg til å meistra det spanske språket skreiv han òg på engelsk.
Han slutta seg til Nacionalista-partiet som kjempa for filippinsk sjølvstende frå USA.[4] I 1935 avslo han eit tilbod om å bli ein av dei juridiske rådgjevarane til president Quezon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «111st Anniversary of Dr. José P. Rizal’s martyrdom». Manila Bulletin. 30. desember 2007. Arkivert frå originalen 1. desember 2008. Henta 6. februar 2009.
- ↑ «REPUBLIC ACT NO. 1881». 22. juni 1957. Henta 6. februar 2009.
- ↑ Anselmo Bernad, Miguel (2008). Waiter & Fisherman & Other Essays. Ateneo de Manila University Press. s. 105–106. ISBN 971-550-541-4. Henta 5. februar 2009.
- ↑ McCoy, Alfred W.; Ed. C. de Jesus (2001). Philippine social history global trade and local transformations South Asian. Ateneo de Manila University Press. s. 189. ISBN 971-550-279-2. Henta 5. februar 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Cecilio Apostol» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2020.