Centern (fi.Suomen Keskusta, Kesk.; i daglegtale Kepu, kortform for Keskustapuolue «Senterpartiet») er eit finsk politisk parti. Det vert gjerne rekna som systerpartiet til det norske Senterpartiet. I og med at partiet er medlem i Den liberale internasjonale, den same internasjonale paraplyorganisasjonen som det norske Venstre, kan det òg reknast som eit systerparti til dette partiet. Dei sit i regjering med Dei finske sosialdemokratane og Svenska Folkpartiet.
Kepu skil seg på mange vis frå det norske søsterpartiet sitt. Delvis er det meir konservativt enn det norske partiet, det er t.d. ikkje like profilert som miljøparti og som distriktspolitiskparti som det norske søsterpartiet sitt. På den andre sida har det i etterkrigstida hatt ei svært sentral rolle i finsk politikk, meir lik den som dei sosialdemokratiske partia har hatt i dei andre nordiske landa. Der sosialdemokratane i dei andre landa regjerte i tiåra etter krigen, var regjeringskontora stengde for dei finske sosialdemokratane på grunn av at Sovjetunionen ikkje hadde tillit til dei etter rolla deira før Vinterkrigen. I staden var det Kepu som spelte denne rolla, personifisert i rolla til Urho Kekkonen. Den finske velferdsstaten er altså bygd opp under leiing av regjeringar dominert av Kepu sin politikk.