Cinderford
Utsjånad
Cinderford | ||
---|---|---|
Miners' Tribute, av Antony Dufort | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Gloucestershire | |
Distrikt | Forest of Dean | |
Grunnlagd | 1800-talet | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
8 116 | |
Koordinatar | 51°49′N 2°30′W / 51.817°N 2.500°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Telefon-retningsnummer | 0 1594 | |
Cinderford er ein liten by i Gloucestershire i England. Han ligg aust i distriktet Forest of Dean, og vart grunnlagt på 1800-talet som følgje av kolgruveindustrien i området, som var i sterk vekst.
Byen minner om dei mange walisiske byane som òg voks fram omkring kolgruver, med lange rekker med identiske terrassehus.
Då gruvene byrja å stenge i 1950-åra råka det byen hardt, fordi det fanst lite annan industri. Til samanlikning klarte den andre byen på denne storleiken i distriktet, Coleford seg langt betre gjennom denne tida, fordi han aldri var så avhengig av gruvene. Det finst noko industri i Cinderford, men han slit økonomisk, og har relativt høg arbeidsløyse.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cinderford» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.