Clarence White
Clarence White | |||
| |||
Fødd | 7. juni 1944 Lewiston i Maine i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lewiston | ||
Død | 15. juli 1973 (29 år) Palmdale i California i USA | ||
Dødsstad | Palmdale | ||
Fødenamn | Clarence Joseph LeBlanc | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958-1973 | ||
Sjanger | Bluegrass, countryrock, rock | ||
Instrument | Gitar | ||
Kjende instrument | 1954 Fender Telecaster med StringBender 1935 Martin D-28 | ||
Plateselskap | Columbia | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Clarence White (7. juni 1944–15. juli 1973), verkeleg namn Clarence LeBlanc, var ein amerikansk gitarist for Nashville West, The Byrds, Muleskinner og The Kentucky Colonels.
I lag med brørne starta han the Country Boys i 1962, som seinare vart the Kentucky Colonels. Dei fekk noko suksess som eit bluegrassband, men vart oppløyst i 1965. Han arbeidde ei stundom som studiomusikar i Los Angeles, mellom anna for The Monkees og spelte i lag med Gene Parsons i gruppa Nashville West. Dette var eit av dei første banda i lag med International Submarine Band og Flying Burrito Brothers som blanda country og rock i moderne popmusikk.
I 1966 spelte han gitar på det første soloalbumet til det tidlegare Byrds-medlemmet Gene Clark, Gene Clark with the Gosdin Brothers. Han og Gene Parsons vart så med i bandet til Clarke kort tid etter. White medverka på fleire av The Byrds sine album, Younger Than Yesterday, The Notorious Byrd Brothers og Sweetheart of the Rodeo, før han vart hyrt inn i bandet då Gram Parsons brått forlet bandet i 1968. Han var medlem av The Byrds fram til Roger McGuinn oppløyste bandet i 1973.
Tidleg i 1973 vart White med i bluegrassgruppa Muleskinner. 15. juli 1973 døydde White etter å ha blitt råka av ein fyllekøyrar. Ulukka skjedde medan han bar ustyr etter ein konsert.
Clarence White var medverkande til å popularisere akustisk gitar som soloinstrument i bluegrass. Før han hadde gitaren hovudsakleg vore eit rytmeinstrument.
I 2003 vart White rangert på 41. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene., medan gitarfabrikanten Gibson sette han på 42. plass på lista deira over dei 50 beste gitaristane.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Clarence White» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Gibson.com Top 50 Gitarists of All Time – 50 to 41». Gibson.com. Henta 16. oktober 2010.[daud lenkje]