Claude Garamond
Utsjånad
Claude Garamond | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 1499 Paris |
Død | |
Yrke | typograf, trykker |
Språk | fransk |
Claude Garamond på Commons |
Claude Garamond (kring 1490–1561) var ein fransk fontskapar og kongeleg boktrykkar i Paris.
Garamond var sannsynlegvis lærling hos fontmakaren Antoine Augereau. Seint på 1520-talet vart Claude Garamond kontakta av parisaren og boktrykkaren Robert Estienne, som ønskte ein font i antikva. Desse typane vart sett for første gong i Paraphrasis inn Elegantiarum Laurentii Vallae. Claude Garamond sine former er ei vidareutvikling av typane skapa av Aldus Manutius i Bologna, kalla Griffo. Matrisene og patrisene til Garamond finst no i Plantin-Moretus Museum i Antwerpen og dessutan ved Imprimerie nationale i Paris.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Claude Garamond» frå Wikipedia på svensk, den 29. september 2018.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Svensk forslagsbok, Malmö 1932