Col de la Colombière
Col de la Colombière | |||
---|---|---|---|
Passhøgda | |||
Nordsida | Sørsida | ||
Passhøgd | 1 613 m | ||
Département | Haute-Savoie, Frankrike | ||
Stader | Scionzier | Le Grand-Bornand | |
Samband | Passveg | ||
Vinterstengt | Desember - april | ||
Fjellområde | Dei franske Alpane | ||
Profil | |||
Klatrekategori | 1 | 2 | |
Stigning (snitt) | 6,9 % (1 108 m / 16 km) | 5,8 % (690 m / 12 km) | |
Stigning (maks) | (ved km 10) | (ved km 9) | |
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 45° 59′ 32″ N, 6° 28′ 33″ AKoordinatar: 45° 59′ 32″ N, 6° 28′ 33″ A |
Col de la Colombière er ein fjellovergang med ei høgd på 1 613 moh i Dei franske Alpane, Département Haute-Savoie. Vegen knyter saman Arve-dalen ved Cluses med Borne-dalen ved Le-Grand-Bornand. Derfrå går ein veg over ein liten rygg til Annecy eller over Col des Aravis til Arly-dalen. Vegen er ikkje viktig trafikalt, då det i begge tetningar går kortare og betre utbygde vegar gjennom dalane.
På nordsida ligg landsbyen Le Reposoir som er kjend for den spesielle osten reblochon som ofte blir brukt i den lokale ostefonduen.
Sykkelsport
[endre | endre wikiteksten]Col de la Colombière har stått på Tour de France-programmet i 20 gonger, seinast i 2010. Trass den beskjedne høgda er passet vanskeleg å sykle opp nordsida frå Scionzier. Over den 16,3 km lange klatringa stig vegen 1 108 m, dvs eit snitt på 6.8 %. Rett før toppen er stigninga 10.2 %. Frå Le Grand-Bornand er distansen 11,7 km og stig 690 høgdemeter, dvs med eit snitt på 5.9%.
- 1960 : Fernando Manzaneque
- 1968 : Barry Hoban
- 1975 : Vicente López-Carril
- 1978 : René Bittinger
- 1980 : Ludo Loos
- 1982 : Jean-René Bernaudeau
- 1983 : Jacques Michaud
- 1984 : Jérôme Simon
- 1985 : Luis Herrera
- 1987 : Eduardo Chozas
- 1990 : Thierry Claveyrolat
- 1991 : Thierry Claveyrolat
- 1994 : Piotr Ugrumov
- 1997 : Richard Virenque
- 2000 : Marco Pantani
- 2002 : Mario Aerts
- 2006 : Floyd Landis
- 2007 : Linus Gerdemann
- 2009 : Fränk Schleck
- 2010 : Christophe Moreau
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Roadbook Tour de France, Kristian Bauer, Bruckmann Verlag 2006
- Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004
- Serge Laget, Cols mythiques du Tour de France, L’Equipe 2005
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Høgdeprofil nordsida Arkivert 2020-09-29 ved Wayback Machine.
- Høgdeprofil sørsida Arkivert 2020-09-29 ved Wayback Machine.