(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Connie Francis – Wikipedia Hopp til innhald

Connie Francis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Connie Francis

Fødd12. desember 1938 (85 år)
FødestadNewark
FødenamnConcetta Rosemarie Franconero
AliasConnie Francis
OpphavUSA
Aktiv1943–
Sjangerpopstandardard, country
Instrumenttrekkspel, vokal, pianotrekkspill
PlateselskapMGM Records
Verka somsongar, skodespelar, fjernsynsskodespelar, låtskrivar, filmskodespelar

Connie Francis (fødd 12. desember 1938) er ein USA-amerikansk songar frå Newark i New Jersey. Francis hadde fleire internasjonale hittar i 1950- og 1960-åra. Blant dei best kjende er «Who's Sorry Now?», «Lipstick on Your Collar», «Somewhere My Love» og «Stupid Cupid». Ho toppa hitlistene fleire gonger, som med «Everybody's Somebody's Fool».

Francis heitte opphavleg Concetta Rosemarie Franconero. Ho kom frå ein italiensk-amerikansk familie og voks opp i bydelen Italian Down Neck, eller Ironbound, i Newark i New Jersey, etter å ha levd dei første åra av livet i Brooklyn.[1]

Ho byrja tidleg å opptre offentleg. Som tiåring var ho med i det amerikanska fjernsynsprogrammet Startime, der unga talent fekk sjansen til å visa seg fram. Ho opptredde først med trekkspel, men gjekk snart over til å berre synga. Det var her ho fekk det kortare artistnamnet Connie Francis.

Connie Francis gav ut sin første singel i 1955, men fekk ikkje stor suksess før i 1957 med «Who's Sorry Now?». Francis spelte inn plater på tretten språk i løpet av karrieren: Engelsk, fransk, gresk, italiensk (og dialekten napolitansk), hawaiisk, hebraisk, japansk, jiddisch, latin, nederlandsk, portugisisk, svensk og tysk. Under ein live-konsert i Braşov i Romania i mars 1970 sang ho også på rumensk.

  1. Connie Francis: Who's Sorry Now? (Autogiography), St. Martin's Press, 1984, ISBN 0-312-87088-4
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.