Crème brûlée
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/17/2014_0531_Cr%C3%A8me_br%C3%BBl%C3%A9e_Doi_Mae_Salong_%28cropped%29.jpg/220px-2014_0531_Cr%C3%A8me_br%C3%BBl%C3%A9e_Doi_Mae_Salong_%28cropped%29.jpg)
Crème brûlée (fransk for 'brent krem') er ein dessertpudding laga av eggeplomme, sukker, fløyte og smakt til med vanilje eller ei anna tilsetjing, som kaffi, kanel eller lakris.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Creme_Brulee_Torch.jpg/220px-Creme_Brulee_Torch.jpg)
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6e/Vanilla_cr%C3%A8me_br%C3%BBl%C3%A9e.jpg/220px-Vanilla_cr%C3%A8me_br%C3%BBl%C3%A9e.jpg)
Tillaging[endre | endre wikiteksten]
Ein lager crème brûlée ved å koka opp fløyte (og eventuelt mjølk) og blanda med vanilje og eventuelt sukker før ein piskar inn eggeplomma. Puddingen blir typisk laga i eldfaste porsjonsskåler eller koppar. Desse blir steikte i omn på nokså låg varme, gjerne i vassbad, og avkjølt. Til slutt «brenn» ein sukker oppå. Dette kan gjerast i ein grill, med gassbrennar eller flambering.
Crème brûlée blir ofte servert lunken eller ved romtemperatur. Han er ein vanleg dessert på restaurantar, og blir også seld som ferdigmat.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Den eldste kjende omtalen av retten er i François Massialot si kokebok frå 1691.[1] Det franske namnet blei brukt i den engelske omsetjing av denne boka, men 1731-utgåva av Massialot si Cuisinier roial et bourgeois brukte namnet «crème anglaise» ('engelsk krem') på same oppskrifta.[2] På 1700-talet var desserten kjend som «burnt cream» på engelsk.[3]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Oppskrifter
- Oppskrift ved dinmat.ni
- Oppskrift ved nrk.no
- Oppskrift Arkivert 2013-12-16 ved Wayback Machine. ved matkilden.no
- Crème brûlée med multer, nrk.no
- Kanelbrûlée med appelsin, tine.no
- Crème Brulée med solbær Arkivert 2013-12-16 ved Wayback Machine., matogdrikke.no
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Crème brûlée» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2013.
- ↑ 1691-oppskrifta med notar Arkivert 2007-02-13 ved Wayback Machine.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Harold McGee, On Food and Cooking: The Science and Lore of the Kitchen (Simon and Schuster) 2004:97. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ The Oxford English Dictionary har eit døme frå 1723. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- Piano Crème Brûlée Arkivert 2013-12-16 ved Wayback Machine., tine.no
- Ek gårdspakkeri Arkivert 2013-12-16 ved Wayback Machine., spesialitet.no