Cubansk musikk
Cubansk musikk omfattar musikk og musikkstilar som har oppstått på Cuba. Den karibiske øystaten Cuba har utvikla ei rekkje stilartar med utspring i Vest-Afrika og Europa, særleg spansk musikk.[1] Det meste av musikken til urfolka på Cuba har derimot ikkje blitt bevart, ettersom det meste av kulturen deira blei øydelagd gjennom kolonisering.[2]
Nokre afrikanske trekk ved musikken er bruk av komplisert polyrytme og utvalet av musikkinstrument. Musikken har også teke til seg europeisk påverknad, og frå 1900-talet har cubansk og afro-amerikansk musikk påverka kvarandre gjensidig.[2] Fleire cubanske musikkformer er blitt verdskjende, som mambo, salsa og chachachá. Den kubanske musikken har lenge vore svært populær i ulike delar av verda, og har hatt stor påverknad på mellom anna jazz og kongolesisk musikk.
Cubanske musikksjangrar
[endre | endre wikiteksten]Nokre av dei tradisjonelle sjangrane på Cuba er:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Orovio, H. Cuban Music from A to Z. Duke University Press Books, 2004.
- ↑ 2,0 2,1 Ledang, Ola Kai (11. desember 2015). «Musikk på Cuba». Store norske leksikon (på norsk bokmål).