(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Danmarks Tekniske Universitet – Wikipedia Hopp til innhald

Danmarks Tekniske Universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danmarks Tekniske Universitet


MottoDet bli'r til noget
Grunnlagt27. januar 1829
TypeTekniske universitet
RektorAnders Overgaard Bjarklev
Tilsette5 800
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://www.dtu.dk/ (dansk), https://www.dtu.dk/english/ (engelsk)
Kart
Danmarks Tekniske Universitet
55°47′10″N 12°31′24″E / 55.786154962268°N 12.523358653674°E / 55.786154962268; 12.523358653674
R/V Dana er forskingsfartøyet til DTU, her på vitjing i Ystad 18. november 2016.

Den Polytekniske Læreanstalt, Danmarks Tekniske Universitet (i dagleg tale Danmarks Tekniske Universitet eller berre DTU, eng.: Technical University of Denmark) er ein sjølveigd utdannings- forskingsinstitusjon som utdannar sivilingeniørar og diplomingeniørar, samt utfører forsking innan ingeniørvitskap.

Polyteknisk Læreanstalt i Sølvgade o. 1899

DTU vart oppretta 27. januar 1829 av fysikaren H.C. Ørsted under namnet Den Polytekniske Læreanstalt, som i starten hørte til Københavns Universitet. Tilbodet var berre to utdanningar som ingeniør i starten, nemleg anvendt naturvidenskab (i dag kjemiretninga) og mekanik (i dag produksjon og konstruksjon/maskin).

Inntil 1889 hadde læreanstalten lokalar i Studiestræde, deretter i J.D. Herholdt sitt kompleks i Sølvgade ved Botanisk Have som i 1930 vart utvida med eit anlegg i Øster Voldgade ved arkitekt C.O. Gjerløv-Knudsen. Plassen vart for trong, så i perioden 1962–1974 flytta ein til Lundtoftesletten ved Lyngby.

Namnet Danmarks Tekniske Højskole (DTH) vart første gong offisielt nytta i 1933 og skifta i 1994 til Den Polytekniske Læreanstalt Danmarks Tekniske Universitet som i dagleg tale vert forkorta til Danmarks Tekniske Universitet eller berre initialane DTU.

I 1957 starta ein Danmarks Ingeniørakademi (DIA), då utdanningskapasiteten til sivilingeniør var for låg og introduserte dermed akademiingeniørutdannelsen, utdanning, som seinare er vorte til diplomingeniørutdanning.

I 1995 vart DTH/DTU slått saman med Danmarks Ingeniørakademi og Helsingør Teknikum og seinare vart DTU i 1997 utvida med Ingeniørhøjskolen Sydsjælland.

Den 1. januar 2007 vart DTU fusjonert med dei fem sektorforskingsinstusjonane:[1]

Times Higher Education Supplement (THES) si rangeringsliste i 2007 over universiteta i verda kom DTU inn som nummer 130 etter Århus Universitet (nr. 114) og Københavns Universitet (nr. 93).[2] I 2008 sette Times Higher Education DTU på 20. plassen over dei førande ingeniørvitskaplege institusjonar basert på siteringsfrekvens, svarande til ein tredjeplass i Europa etter Max Planck-selskapet og ETH Zürich.[3]

DTU har kring 7 000 studentar, omtrent 700 ph.d.-studentar og tar opp omkring 700 utanlandske studentar per år på engelskspråklege utdanningar. Talet på tilsette ligg rundt 4 200.

I 2008/9 var opptaket på 1 144 nye studentar.[4]

DTU sin campus er oppdelt i fire kvadrantar, som i eit koordinatsystem. Dei fire kvadranter er tildelt ein av dei fire hovudretningane innan ingeniørkunsten; bygg, kjemi, elektronikk og maskin.

  • 1. kvadrant huser primært bygningsretninga, miljøretninga, trafikkretninga og administrasjonsbygningen.
  • 2. kvadrant husar primært kjemiretninga, bioretninga og ein sportsplass.
  • 3. kvadrant husar primært elektronikkretninga, fysikk, informatikk og matematikk i tillegg til kollegiar.
  • 4. kvadrant husar primært maskin- og designretninga, dessutan kollegier, DøgnNetto, Campus Service (tidl. Teknisk Forvaltning) og kraftvarmeverk.

Universitetet sine kjerneområde, det vil sei utdanning, forsking, innovasjon og myndighetsbetjening, vert ivaretatt av institutta innanfor kvart av deira faglege felt. DTU har (januar 2008) 22 institutt. Den 1. januar 2008 gjennomførte DTU ei omdøyping av alle institutt for å framstå som eit samla universitet etter samanslåinga i 2007.

  • Institut for Systembiologi (DTU Systembiologi)
  • Institut for Byggeri og Anlæg (DTU Byg)
  • Institut for Kommunikation, Optik og Materialer (DTU Fotonik )
  • Institut for Transport (DTU Transport)
  • Institut for Akvatiske Ressourcer (DTU Aqua)
  • Fødevareinstituttet (DTU Fødevareinstituttet)
  • Institut for Fysik (DTU Fysik)
  • Institut for Informatik og Matematisk Modellering (DTU Informatik)
  • Institut for Planlægning, Innovation og Ledelse (DTU Management)
  • Institut for Kemi (DTU Kemi)
  • Institut for Kemiteknik (DTU Kemiteknik)
  • Institut for Matematik (DTU Matematik)
  • Institut for Mekanisk Teknologi (DTU Mekanik)
  • Institut for Mikro- og Nanoteknologi (DTU Nanotek)
  • Institut for Vand og Miljø (DTU Miljø)
  • Veterinærinstituttet (DTU Veterinærinstituttet)
  • Institut for Elektroteknologi (DTU Elektro)
  • Danmarks Rumcenter|Institut for Rumforsking og -teknologi (DTU Space)
  • Risø DTU|Nationallaboratoriet for bæredygtig energi (Risø DTU)
  • Center for Elektronnanoskopi (DTU Cen)
  • Danchip (DTU Danchip)
  • Danmarks Tekniske Informationscenter (DTU Bibliotek)

Diplomingeniørutdanningar

[endre | endre wikiteksten]
  • Arktisk teknologi
  • Bygning
  • By og bygg
  • Elektro
  • IT
  • Kjemi- og bioteknologi
  • Maskin
  • Teknologi og økonomi
  • Trafik og transport

Sivilingeniørretningar

[endre | endre wikiteksten]
  • Bioteknologi
  • Byggeteknologi
  • Design og innovasjon
  • Elektroteknologi
  • Fysikk og nanoteknologi
  • Kjemi og teknologi
  • Kommunikasjonsteknologi
  • Matematikk og teknologi
  • Medisin og teknologi
  • Miljøteknologi
  • Produksjon og konstruksjon
  • Softwareteknologi
  • Sunnhet og produksjon

Æresdoktorar

[endre | endre wikiteksten]

Blant æresdoktorane er:

Æresdoktorgraden er tildelt kring 200 personar gjennom historia til universitetet.

  1. Det nye DTU Fusionswebsite, arkivert frå originalen 15. juni 2008, henta 7. april 2013 
  2. Sara Rosendal, «DTU tager tigerspring på listen over verdens bedste universiteter» Arkivert 2007-11-09 ved Wayback Machine., ing.dk, 9. november 2007.
  3. «Top 20 institutions in engineering based on impact». Times Higher Education. 22 May 2008. 
  4. Hovedtal fra Den Koordinerede Tilmelding 2009 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. februar 2010, henta 7. april 2013 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Danmarks Tekniske Universitet