(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Darß – Wikipedia Hopp til innhald

Darß

Koordinatar: 54°25′N 12°32′E / 54.417°N 12.533°E / 54.417; 12.533
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Darß si plassering i Mecklenburg-Vorpommern
Fyret Darßer Ort
Vestkysten av Darß

Darß er ei øy sør i Austersjøen i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland, som opphavleg var ein del av ei halvøy.

Det fullenamnet er Fischland-Darß-Zingst, for dette var dei tre områda som utgjorde halvøya. Darß vart opphavleg nytta som namn på ein stor skog som framleis ligg her. I nyare tid har Darß òg vore nytta for heile halvøya.

Øya ligg i Landkreis Nordvorpommern. Mellom halvøya og fastlandet ligg det ein svært grunn lagune (plattysk: Bodden), som er ein del av Vorpommersche Boddenlandschaft nasjonalpark, i lag med heile halvøya. Halvøya er om lag 45 km lang.

Darß er kjend som stoppestad for titusenvis av trekkfuglar som trane og gås. Turisme har lenge vore hovudnæringa her og har auka etter gjenforeininga av Tyskland, men likevel er ikkje Darß den staden som trekker til seg flest turistar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Darß

54°25′N 12°32′E / 54.417°N 12.533°E / 54.417; 12.533