Darja Pisjtsjalnikova
Darja Pisjtsjalnikova | |
Verkeleg namn | Дарья Витальевна Пищальникова |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 19. juli 1985 (39 år) Astrakhan |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse |
Darja Vitaljevna Pisjtsjalnikova (fødd 19. juli 1985) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Astrakhan som internasjonalt tevla i diskoskasting.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Pisjtsjalnikova etablerte seg i verdstoppen i diskoskasting då ho i 2006 tok gullmedaljen under europameisterskapen i Göteborg med eit kast på 65,55 meter. Året etter forbetra ho bestekastet sitt til 65,78 m då ho tok sølvet i verdsmeisterskapen i Osaka, ein medalje som Den internasjonale voldgiftsretten for sport i Lausanne annullerte i 2009, etter som hadde testa positivt allereie i mai 2007.
Pisjtsjalnikova vart utteken til Sommar-OL 2008, men kort føre avreisa til Beijing vart ho og fleire andre kvinnelege russiske utøvarar utestengde, då dei skulle ha manipulert dopingprøver.
I 2011 byrja Pisjtsjalnikova å tevle att, og enda på ellevteplass i VM i Daegu. Året etter, olympiaåret, vart ho russisk meister med eit kast som målte heile 70,69 meter, det lengste diskokastet av ei kvinne sidan 1992.
Meir doping
[endre | endre wikiteksten]Pisjtsjalnikova tok sølvmedaljen i diskoskast under Sommar-OL 2012. Men ein retest av ei prøve teken i mai 2012 viste prov på bruk av det anabole steroidet oksandrolon. I april 2013 utestengde Russlands Friidrettsforbund henne frå tevlingar i 10 år, og resultata etter 20. mai 2012 vart annullerte. I fylgje New York Times var Pisjtsjalnikova ei av dei som i desember 2012 varsla World Anti-Doping Agency (WADA) om det statsdrivne programmet russiske friidrettsutøvarar måtte delta i. Den stenge straffa frå det russiske friidrettsforbundet skal såleis ha vore ei hemnakt.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 65,55 m, framom Franka Dietzsch (64,35 m)
- VM 2007 i Osaka: Annullert sølvmedalje (65,78 m)
- VM 2011 i Daegu: Nr 11 – 58,10 m
- OL 2012 i London: Annullert sølvmedalje (67,56 m)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Darja Witaljewna Pischtschalnikowa» frå Wikipedia på tysk, den 19. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Darya Pishchalnikova» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2016.