Den gule keisaren
Den gule keisaren eller Huang Di (kinesisk
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje nokre av sogene heitte den gule keisaren eigentleg Xianyuan. Han blei fødd etter at mor hans, Fubao, fekk kraft frå lynet då ho var ute på tur.[2]
Ifølgje Huangfu Mi (215–282) var keisaren fødd på Shou Qiu ('Langlivsåsen'),[3] no like ved byen Qufu i Shandong-provinsen. Han skal først ha budd med stammen sin nordvest for Ji-elva og flytta seinare til Zhuolu i dagens Hebei.[4] Der byrja han dyrka jorda og temde seks slag dyr: Bjørn, brunbjørn, tiger, pí (貔) og xiū (貅) som seinare gjekk saman til fabeldyret pixiu og chū (貙).[4]
Kamp
[endre | endre wikiteksten]Den gule keisaren og Yandi ('flammekeisaren') var anten leiarar saman[4] eller leiarar for to stammar[5] nær Huangelva. Dei levde i ei uroleg tid.[6] På eit tidspunkt tok Den gule keisaren opp kampen for å leggja under seg ulike stridande partar.[6]
Den gule keisaren er særleg kjend for kampen sin mot Chiyou,[2] eit opprørsk monster med ein hær av demonar. Hjelpt av ulike dyr nedkjempa keisaren monsteret.[7] Seinare overvann han også Yandi.
Lærdom
[endre | endre wikiteksten]Den gule keisaren er tillagt ei rekkkje ulike forbetringar for folket sitt. Han skal ha lært dei opphavleg nomadiske folka å byggja hus, temja ville dyr og dyrka dei fem kornslaga. [8] Han fann også mellom anna opp kjerrer, båtar og klede.[8] Keisaren skal ha fått historikaren sin Cangjie til å finna opp det første kinesiske skriftsystemet, orakelskrift. Førstekona hans Leizu skal ha funne opp silkeproduksjon og lært folk å veva og farga stoff av silke.[8]
Den gule keisaren er også knytt til ulike former for lærdom, som astronomi, den kinesiske kalenderen, eit lovverk[9] og spelet cuju.[10] I ei soge vitjar keisaren havdyret Bai Ze som lærer han alt han treng vita om overnaturleg skapningar.[11][12]
Keisaren er viktig for taoismen, og skal sjølv ha «søkt tao». Ei rekkje ulike tekstar er tillagt han, som «dei fire klassikarane til Den gule keisaren» (Huangdi Sijing), «den gøymde talisman-klassikaren til den gule keisaren» (Huangdi Yinfujing) og den grunnleggjande teksten for tradisjonell kinesisk medisin, «Den indre kanonen til keisaren» (Huangdi Neijing).
Udøydeleggjering
[endre | endre wikiteksten]Den gule keisaren skal ha levd i over hundre år før han møtte fabeldyra fenghuang og qilin og så døydde.[13] I nokre soger blei keisaren og hjelparane hans borne opp til himmelen av ein drake.[2] I Shanxi blei det bygd eit mausoleum med to gravstader for keisaren. Det blei også reist minne til han i Henan, Hebei og Gansu.[14]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Birrell 1993, s. 48.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Leeming, David. «Chinese Emperors». I A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press, 2001.
- ↑ Nienhauser 1994, s. 1, note 6.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Dai & Gong 2003, s. 32.
- ↑ Pulleybank 2000
- ↑ 6,0 6,1 Haw 2007, s. 15–16.
- ↑ Leeming, David. «Chiyou». I A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press, 2001.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Dai & Gong 2003, s. 33.
- ↑ Wang 1997, s. 13.
- ↑ Liu Xiang (77–6 BC), Bielu 别录:"It is said that cuju was invented by Huangdi; others claim that it arose during the Warring States period" (
蹴鞠 者 ,传言黄 帝 所作 ,或 曰起戰國 之 時 ); i Book of the Later Han (5th century), chapter 34, p. 1178 of the standard Zhonghua shuju edition. (zh) - ↑ iFeng.com, «The traitor Bai Ze»
背叛 者 白澤 Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine. (zh); from Xu 2008. Retrieved on 2010-09-04. - ↑ Ge 2005, s. 474.
- ↑ Herbert Allen Giles (1845–1935), A Chinese Biographical Dictionary (London: B. Quaritch, 1898), p. 338; sitert i Veith 2002, s. 5.
- ↑ «Mausoleums of the Yellow Emperor», China.org.cn. Henta 2010-08-29.
- Delar av denne artikkelen bygger på «The Yellow Emperor» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Birrell, Anne (1993), Chinese Mythology: An Introduction, Baltimore: Johns Hopkins University Press, ISBN 0-8018-4595-5, 0-8018-6183-7.
- Dai, Yi 戴逸; Gong, Shuduo 龔書鐸, red. (2003), Zhongguo tongshi: xuesheng caitu ban
中國 通史 ––學 生彩 圖版 [General history of China] (på kinesisk), 1. Shiqian, Xia, Shang, Xizhou史 前 夏 商 西 周 [Prehistory, Xia, Shang, and Western Zhou] (illustrated for students utg.), Hong Kong: Zhineng jiaoyu chubanshe智能 敎育 出版 社 [Intelligence Press] - Ge, Hong
洪 葛 (2005), Gu, Jiu 顧久, red.,抱 朴 子 內篇 [Baopuzi neipian], Taipei: Taiwan shufang chuban youxian gongsi台灣 書房 出版 有限 公司 , ISBN 978-986-7332-46-2. - Haw, Stephen G (2007), Beijing: A Concise History, London and New York: Routledge, ISBN 978-0-415-39906-7.
- Nienhauser, William H Jr, red. (1994), The Grand Scribe's Records, 1. The Basic Annals of Pre-Han China, Bloomington & Indianapolis: Indiana University press, ISBN 0-253-34021-7.
- Veith, Ilza, red. (2002) [1955], The Yellow Emperor's Classic of Internal Medicine, Foreword by Ken Rose, Berkeley and Los Angeles: University of California Press, ISBN 0-520-22936-3.
- Wang, Zhongfu
王 仲 孚 (1997), Zhongguo wenhua shi中國 文化 史 ["Chinese cultural history"] (på kinesisk), Wunan tushu chuban gufen youxian gongsi 五南圖書出版股份有限公司, ISBN 978-957-11-1427-9