(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Des Moines – Wikipedia Hopp til innhald

Des Moines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Des Moines
by
Midtbyen i Des Moines
Land  USA
Areal 234,987171 km²
Folketal 214 133 (1. april 2020)[1]
Kart
Des Moines
41°35′27″N 93°37′15″W / 41.590833333333°N 93.620833333333°W / 41.590833333333; -93.620833333333
Wikimedia Commons: Des Moines, Iowa

Des Moines er hovudstaden og den mest folkerike byen i delstaten Iowa i USA. Byen ligg i Polk County og er fylkessete for same. Des Moines har vel 203 000 ibuarar (2010), fordelt på 213,9 km2.

Gatebilete i Des Moines
Des Moines botaniske senter

Des Moines er særleg kjend som sete for fleire av dei største forsikringsselskapa i USA. Byen hyser også nokre av dei store finans-selskapa og forlagsverksemdene i landet. Mellom selskapa som har hovudkvarter i Des Moines finn ein Principal Financial Group, forsikringsselskapet Aviva, Meredith Corporation, Ruan Transportation, EMC Insurance Companies og Wellmark Blue Cross Blue Shield. Store konsern som Wells Fargo, ING Group, Nationwide Mutual Insurance Company, Marsh, Monsanto og Pioneer Hi-Bred har store kontor eller omfattane verksemd i byen eller i storbyområdet kring Des Moines. Microsoft, Hewlett Packard og Facebook har i dei seinare år lagt delar av produksjonen til storbyområda i og ved Des Moines.

Høgste bygningen i byen og i delstaten er skyskraparen The Principal Building. Det 192 meter høge bygget stod ferdig i 1991, og er hovudkontor for Principal Financial Group.

Des Moines reknar grunnlegginga til året 1843, då offiseren James Allen fekk bygt eit fort ved åmotet mellom elvane Des Moines og Raccoon. Byen fekk namnet Des Moines i 1857, då han tok over som delstatshovudstad etter Iowa City.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Des Moines