(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Diapir – Wikipedia Hopp til innhald

Diapir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lavalampe illustrerer hovudprinsippet for diapirisme.
Geologisk profil gjennom det nordvestlege Tyskebassenget (Ostfriesland-Nordheide). Saltdomar har skore gjennom yngre lag.

Diapir (fransk, frå gresk diapeirein, å skjere gjennom) er ein intrusjon som er danna som følgje av tettleik og trykkskilnader, til dømes eit saltlag som flyt opp gjennom tyngre bergmassar og trengjer dei til side. Uttrykket vart innført av den rumenske geologen Ludovic Mrazek, som var den første til å forstå prinsippet ved saltintrusjon og plastisitet. Uttrykket «diapir» kan nyttast om vulkanske strukturar, men er oftare nytta om ikkje-vulkanske, slik som saltdomar og leirdiapirar. Det går føre seg diapirisme på månen Enceladus.[1]

Diapirar intruderer oftast vertikalt oppover langs svake soner gjennom tettare overliggjande bergartar. Tettleiksskilnadene opptrer som ei kraft for oppstigning. Prosessen vert kalla diapirisme.

Diapirar er viktige i oljegeologien. Det finst ofte små petroleumsførekomstar i de oppbøygde laga langs flankene av diapiren, og større felt kan finnast i oppbulingar av laga over dei. I Ekofiskområdet er dei fleste førekomstane knytte til saltdiapirar. Dei fleste diapirane er saltdiapirar, men det finst også andre, f.eks. granittdiapirar.

  1. Cassini Imaging Central Laboratory for Operations, Enceladus Rev 80 Flyby: Aug 11 '08 Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.. Henta 15. augusut 2008.