Elektrisk folk
Elektrisk folk | |||
Andre namn | Elektisk folkrok, britisk folkrock, electric folk | ||
---|---|---|---|
Stilmessig opphav | Rock, folkrock, folkemusikk | ||
Kulturelt opphav | Storbritannia i 1960-åra | ||
Typiske instrument | Elektriske eller akustiske utgåver av: Fiolin, gitar, bassgitar, appalachian dulcimer, mandolin, trommer (både trommesett og bodhran-typar), blokkfløyte, blikkfløyte | ||
Blandingssjangrar | |||
Keltisk rock, folk-punk, folk-metal |
Elektrisk folk eller electric folk er ein type folkrock utvikla i England sist i 1960-åra og i 1970-åra. Stilen blei så teken opp og utvikla innan keltisk musikk frå ulike land. Han har også gjeve opphav til folk-punk. Musikkstilen blei mindre populær i 1980-åra, men har overlevd og ført til nye stilar og til ei viss grad smelta saman med stilane han utvikla seg frå, rock og folk.
Elektisk folk la vekt på bruk av moderne instrument til å framføra gamle folkeviser. Innan det som til då var blitt kalla folkrock hadde ein hovudsakleg framført sjølvskrivne viser med moderne instrument, slik som Bob Dylan og Byrds. Elektriske folk-grupper tok i bruk særleg engelske tradisjonelle songar, men skreiv også eigne songar inspirerte av desse.
Viktige musikkgrupper innan elektrisk folk var Fairport Convention, Fotheringay, Pentangle og Steeleye Span i England, medan bretonske Alan Stivell utvikla stilen i Frankrike. I Irland tok grupper som Horslips og Sweeney's Men utgangspunkt i irsk folkemusikk og skapte sin eigen versjon av elektrisk folk.[1] Saman med grupper som skotske Runrig førte dei elektrisk folk vidare til ein eigen keltisk rock. Grupper som Led Zeppelin og Jethro Tull blir ikkje vanlegvis rekna til elektrisk folk-rørsla, men blei tydelege inspirerte av stilen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Electric folk» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2011.
- ↑ Horslips ved allmusic.com; Sweeney's Men ved irishrock.com