Erich Eliskases
Erich Eliskases | |
Statsborgarskap | Austerrike, Argentina, Brasil, Tyskland |
Fødd | 15. februar 1913 Innsbruck |
Død | 2. februar 1997 (83 år) Córdoba i Argentina |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakk-OL 1930, Sjakk-OL 1933, Sjakk-OL 1935, Sjakk-OL 1939, Sjakk-OL 1952, Sjakk-OL 1958, Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1936 |
Erich Gottlieb Eliskases (15. februar 1913–2. februar 1997) var ein austerriksk sjakkspelar. Eliskases var ein av dei sterkaste sjakkspelarane i verda på slutten av 1930-talet. Han var stormeister i sjakk og representerte både Austerrike, Tyskland og Argentina i internasjonale konkurransar.
Erich Eliskases var fødd i Innsbruck. Han lærte seg sjakk som 12-åring og viste raskt forbløffande talent. Eliskases blei klubbmeister som 14-åring, tyrolsk meister som 15-åring og nasjonal meister som 16-åring.
Etter at Austerike blei innlemma i Tyskland i 1938 vann Eliskases det tyske meisterskapet både i 1938 og 1939 i Bad Oeynhausen. Han spelte for Tyskland under sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Buenos Aires i 1939. Under sjakk-OL kom utbrotet av den andre verdskrigen, og Eliskases, saman med mange andre spelarar - mellom anna også resten av det tyske laget - valde å bli verande i staden for å dra heim. Han var ei tid i Brazil, men slo seg så ned i Argentina, og fekk etter kvart også argentinsk statsborgarskap. Han spelte for Argentina i sjakkolympiadane i 1952, 1958, 1960 og 1964.
Verdssjakkforbundet FIDE tildelte Eliskases titlane Internasjonal meister i sjakk i 1950 og Stormeister i sjakk i 1952.
Eliskases hadde mange gode resultat i sterke sjakkturneringar. Mellom anna førsteplass eller delt førsteplass i Budapest (1934) (i den ungarske mesterskapen), Linz (1934), Zürich (1935), Milan (1937), Noordwijk (1938) (kanskje det beste resultat, her vann han mot både Euwe og Keres), Krefeld (1938), Bad Harzburg (1939), Bad Elster (1939), Wien (1939), São Paulo (1941), São Paulo (1947), Mar del Plata (1948), Punta del Este (1951) og Córdoba (1959). Eliskases sin siger i Noordwijk var starten på ein serie på 8 påfølgjande turneringa utan eit einaste tap.
Eliskases vann tvikampar mot Efim Bogoljubov i 1939, og tre gongar mot Rudolf Spielmann, i 1932, 1936 og 1937.
Mot slutten av 1930-åra blei Eliskases, saman med Keres og Capablanca, sett på som dei viktigaste utfordrarane til dåverande verdsmeister i sjakk Alexander Alekhine. Alekhine tok sjølv til orde for ein tittelkamp mot Eliskases - han kjende Eliskases frå då Eliskases gjorde ein god innsats som sekundant for han i VM-kampen mot Max Euwe i 1937.
Kjende sjakkparti
[endre | endre wikiteksten]- Euwe-Eliskases, 1935 1-0 Dette var den første vinsten av tre i dei fem partia mot Euwe. Euwe vart verdsmeister dette året.
- Eliskases-Capablanca, Semmering 1937 Eliskases vinn mot Capablanca i sluttspelet - ei partifase der Capablanca gjekk for å vere spesielt god.
- Eliskases-Fischer, Buenos Aires 1960 Eliskases er blant dei få spelarane som har slått Bobby Fischer
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hooper, David og Whyld, Kenneth (1984). The Oxford Companion To Chess. Oxford University. ISBN 0-19-217540-8.
- 'New In Chess' Minneartikkel på engelsk
- Nokre av Erich Eliskases sine kombinasjonar på wtharvey.com
- Erich Eliskases sine parti på chessgames.com