FA-cupfinalen i fotball 2012
FA-cupfinalen i fotball 2012 fann stad på Wembley stadion i London 5. mai 2012, med 89 102 tilskodarar på tribunane. Finalen mellom Chelsea FC frå London og Liverpool FC enda med 2–1 til Chelsea.
Kampen
[endre | endre wikiteksten]I det 11. minutt vann brasilianaren Ramires Nascimento ein løpsduell og skaut lågt forbi Liverpool-målvakta sitt korthjørne. Didier Drogba la på til 2-0 for Chelesa med ei heading. Innbytaren Andy Carroll reduserte på eit skot opp i nærast hjørne. Ti minutt før fulltid var same mann nær ved å utlikne, nesten heile ballen var innom målstreken før Cech fekk slått ballen i målstanga og ut.
Chelsea sitt vinnarlag bestod av: Petr Čech, José Bosingwa, Branislav Ivanović, John Terry (kaptein), Ashley Cole, Mikel John Obi, Juan Mata, Frank Lampard, Ramires Nascimento, Didier Drogba og Salomon Kalou. Etter 75 minutt bytta Nascimento plass med Raul Meireles. I sluttsekunda steig Mata av bana og Florent Malouda kom inn.
Liverpool mønstra José Manuel Reina, Glen Johnson, Martin Škrtel, Daniel Agger, José Enrique Sanchez, Jordan Henderson, Steven Gerrard (kaptein), Jay Spearing, Craig Bellamy, Luis Suárez og Stewart Downing. Ut i andre omgang kom Andy Carroll og Dirk Kuyt på bana, til erstatning for Spearing og Bellamy .
Phil Dowd dømde kampen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «2012 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2021.