Fagerfredlaus
Fagerfredlaus | |
Fagerfredlaus | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Nøkleblomfamilien Primulaceae |
Underfamilie: | Myrsinoideae |
Slekt: | Lysimachia |
Art: | Fagerfredlaus L. punctata |
Vitskapleg namn | |
Lysimachia punctata |
Fagerfredlaus (Lysimachia punctata) er ei fleirårig plante i fredlausslekta i nøkleblomfamilien, som kan bli opp til 70 cm høg.[1] Den har gule blomstrar med fem halvvegs klokkedannande kronblad, som inst i blomsterbotnen er oransje-raude. Blomstrane sit i dei øvste bladhjørna og oppover heile toppen av stilken.
Blada er mørkt grøne, spisse og relativt slanke og lange, og står ofte to og to i ein krans om stengelen. Fagerfredlaus trivst som hageplante og i fuktig mark i skogbryn og på myr og enger. Den veks hovudsakleg på Austlandet.
Fagerfredlaus liknar mykje på fredlaus (Lysimachia vulgaris), men fagerfredlaus har meir bladfylte blomsterkransar med blad heile vegen opp parallelt med blomstrane heilt til topps i stilken. Den har òg svareprikka undersider på blada. Blada er òg meir slankt lansettforma enn hos fredlaus.
Ein finn fagerfredlaus naturleg frå sentrale, austsentrale og søraustre Europa til det sørlege Tyrkia. Arten er ei vanleg hageplante i Noreg og Sverige og er forvilla på mange stader.
Kultivarar
[endre | endre wikiteksten]- Lysimachia punctata 'Alexander'[2][3][4] - (Lysimachia punctata 'Variegata')[5]
- Lysimachia punctata 'Golden Alexander'[6] (Lysimachia punctata 'Walgoldalex' )[7][8]
- Lysimachia punctata ‘Gaulthier Brousse’[9]
- Lysimachia punctata ‘Golden Glory’
- Lysimachia punctata ‘Irish Butter’
- Lysimachia punctata ‘Ivy MacLean’
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lysimachia punctata, Nordisk illustreret Havebrugsleksikon
- ↑ http://www.missouribotanicalgarden.org/gardens-gardening/your-garden/plant-finder/plant-details/kc/s220/lysimachia-punctata-alexander.aspx
- ↑ http://apps.rhs.org.uk/plantselector/plant?plantid=5925[daud lenkje]
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 30. mai 2012, henta 20. august 2012
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 20. august 2012
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 12. oktober 2011, henta 20. august 2012
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 20. august 2012
- ↑ http://www.google.com/patents/US20020152526
- ↑ http://www.perennials.com/plants/lysimachia-punctata-gaulthier-brousse.html