(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Faseforskyving – Wikipedia Hopp til innhald

Faseforskyving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den raude sinuskurva er faseforskyvd 90 grader i høve til den grøne kurva.
Bølgjer i fase
Bølgjer som er faseforskyvd er ute av fase med kvarandre.

Faseforskyving er ein skilnad i fase mellom to periodiske storleikar som varierer med same frekvens. Faseskilnaden kan variere med ein vinkel frå 0 til 360º eller frå 0 til 2πぱい rad. Om faseforskyvinga er 180 grader (πぱい rad), så er svingingane sagt å vere i motfase eller antifase. Om to vekselverkande bølgjer er i motfase, så vil ein få øydeleggjande interferens.

Vekselstraum i ein kondensator er faseforskyvd 90° (ein kvart periode) føre spenninga, og i ein spole 90° etter spenninga. Fase er relatert til tidsforsinking (s) som

der er vinkelfrekvensen [rad/s].