(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Felt i fysikk – Wikipedia Hopp til innhald

Felt i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit felt er i fysikken ein fysisk storleik som har ein verdi for kvart punkt i rom og tid. Til dømes vert vindretning i vêrvarsling i løpet av ein dag over eit land skildra som ein vektor til kvart punkt i rommet. Kvar vektor representerer retninga til luftrørsla i det punktet. Etter kvart som tida går endrar vindretninga og vektkorretninga seg.

Innanfor kvar kategori (skalar, vektor, tensor) kan eit felt vere anten eit klassisk felt eller eit kvantefelt, avhengig av om det er karakterisert av tal eller kvanteoperatorar.