(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Flekkefjord Fotballklubb – Wikipedia Hopp til innhald

Flekkefjord Fotballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flekkefjord Fotballklubb
Skipa31. mars 1905
HeimebaneUenes Stadion
Liga5. divisjon fotball for herrar
LandNoreg
ByFlekkefjord
StadFlekkefjord kommune
Heimedrakt
Bortedrakt

Flekkefjord Fotballklubb er eit idrettslag i Flekkefjord, stifta 31. mars 1905. Laget er den eldste, reine fotballklubben på Sørlandet. Flekkefjord spelar i raude skjorter og strømper og kvite bukser. Uenes stadion er heimebane.

Flekkefjord FK spelte mange sesongar i den gamle, eigentlege 3. divisjon. Etter nokre år på nivå fire i norsk seriefotball, vart det i 2007 bestemt å slå saman A-laga til Flekkefjord FK og Kvinesdal IL. Det nye laget, Lister FK, deltok sesongane 2008-10 i seriesystemet, men gjekk så i oppløysing. Sidan har Flekkefjord FK vore med att i seriefotballen, i 2015 på fjerdenivå i Noreg.

Forsommarane arrangerer Flekkefjord Fotballklubb fotballturneringa Agder Cup for gutar og jenter.