(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Gassutladingslampe – Wikipedia Hopp til innhald

Gassutladingslampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xenonlys

Ein glimlampe eller gassutladingslampe, i daglegtale kjend som xenonlys, er eit elektrisk gassutladingsrøyr med kalde elektrodar og liten elektrodeavstand. Det blir dermed ikkje danna ei positiv søyle i røyret.

Lampen produserer eit mykje kvitare lys enn dei gulaktige lyskjeglene som vert produsert med ordinære halogenlykter.

I likskap med neongass i lysrøyr, former xenongass ein fosforisk plasma. Første bilprodusent som leverte dette til bilar var BMW i 1992. Teknologien har blitt brukt tidlegare til gatelys og store arenaer.

I dag har xenonlys blitt tilgjengelig for nesten alle bilar og på grunn av moderne produksjon og etterspurnad har desse blitt rimelege.