Gazpacho
Utsjånad
Gazpacho er ei kald suppe og ein spansk nasjonalrett med opphav i Andalucia. Ein kan laga henne av ulike råvarer, men gammalt brød, kvitlauk, olivenolje, eddik og salt finst i alle typane, og tomat er også tett knytt til suppa. Andre vanlege ingredienser å ha med er paprika, lauk, kvitlauk, purrelauk, chili, agurk og pepar. Gazpacho kan gjerne serverast med brødkrutongar eller annan garnityr. Gazpacho har etter kvart vorte ein klassisk sommarrett i Noreg.